– Det vil bli skrive ei PFU-klage. Den vil bli sendt ganske snart. Som du veit, er fristen for å sende inn ganske lang, så det vil skje over påske, seier Solevåg til Medier24.
– Vil de òg klage inn evalueringsrapporten?
– Klaga vil fokusere på sjølve omtalen i saka. Men ein annan ting er VG si handtering med det dei sjølv kallar ei evaluering og om dei der kan ha kome i skade for å ha brote reglar, seier han.
– Belastande
Møtet vart, som tidlegare varsla, haldt i Ålesund onsdag.
– Me oppdaterte kvarandre gjensidig. Det var eit positivt møte. Eg fekk informasjon og synspunkt og alt eg etterspurte frå VG, seier han vidare.
– Korleis har Sofie det no?
– Dette vert handtert greitt og ok. Det er ikkje noko å kommentere utover at ho handterer det på ein grei måte, men det ho har kome opp i er belastande, seier Solevåg.
Har ikkje konkludert
Næss seier til Medier24 at det var eit godt møte onsdag.
– Det var eit heilt fint og godt møte, og me fekk svar på spørsmåla Solevåg hadde, seier han til Medier24.
Sofie sin advokat, Solevåg, seier at ingenting er endra so langt, og at dei enno ikkje har teke ein konklusjon etter møtet med VG.
– Me skulle avklare faktum, og det lukkast me i. Kva konklusjon ein trekk frå avklaringa vil ein ta stilling til over påske, seier han.