Over nyttår må VG sitt klubbstyre sjå etter ny klubbleiar då Tor-Erling Thømt Ruud i januar varsla at dette året blir hans siste som leiar.
Verdens Gang
Frå februar av skal han nemleg laga den daglege nyheitspodkasten «Verdens Gang» på fulltid.
– Det går ikkje veldig bra å kombinera podkast- og klubbjobben som eg gjer no. Me er tre som lagar den, tidvis berre to når eg er borte, og då er det hektisk, seier Thømt Ruud til Medier24.
Hektisk
Thømt Ruud har vore klubbleiar sidan 2016, og har vore gjennom både nedbemanningar og mediestormar. Spesielt 2019 har vore travelt for gjengen i Akersgata 55.
– Så langt eg veit er fire år det lengste nokon har vore klubbleiar samanhengande. Det er fleire som har vore lenger, men med opphald, seier han.
– Korleis har 2019 vore?
– Det har til tider vore veldig hektisk, men eg har ikkje reflektert så mykje over det allereie no.
Meir true crime?
No ser han fram til å returnera til journalistikken.
– Eg må tilbake i manesjen, og no som eg har byrja å laga dagleg podkast, ser me at det ikkje går. Det er bevis på at ein så stor klubb må ha ein leiar på fulltid, legg han til.
Han vil òg laga fleire «true crime»-podkastar, skal me tru han sjølv. Då han var fersk klubbleiar laga han serien Uløst, som vart kåra til årets podkast i 2015 av Prix Radio.
– Eg er nyheitsjournalist i botn, så me får sjå kva som skjer etter kvart, legg han til.