Torsdag kveld meldte VG at tidlegare Bergens Tidende- og TV 2-kommentator Mathias Fischer blir statssekretær for klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).
Han kjem frå jobben som pr-rådgjevar i TRY Råd, som han har vore i sidan september i fjor.
– Ikkje isolert til lobbyisme
Medier24 har bede TRY om kundelista til Fischer. Dagleg leiar Sindre Beyer oppgir følgjande kundar:
- NHO
- Gyldendal
- Igaidi
- Norsk Vind
- Oslo Universitetssykehus
- Redningsselskapet
- DIPS
- TRY Reklame
- TRY Apt
- TRY OPT
Medier24 er ikkje kjent med omfanget av oppdraga. Til Medier24 seier Fischer:
– For NHO har eg vore med på å utarbeida ein kampanjefilm i sosiale medium i samband med årskonferansen deira, og for Norsk Vind har eg skrive tekstar for nettsida deira i samband med store klimakampanjen, seier Fischer.
– Har du gjort habilitetsvurderingar knytt til Norsk Vind?
– Vindkraftkonsesjonssøknadar blir handla i Olje- og energidepartementet, og ikkje Klima- og miljøverndepartementet. Dukkar det opp vindkraftsaker på vårt bord, tek eg ei vurdering på det.
Try-sjef Beyer skriv i ein mail til Medier24:
«Vår forretningsmodell er ikke basert eller isolert til lobbyvirksomhet eller myndighetskontakt, men det kan være en del av oppgavene i et samlet kommunikasjonsløp for våre kunder.
Mathias Fischer har vært i TRY Råd i en kort periode, så mange av oppdragene er små og begrenset. Mindre oppdrag som hører inn under innholdsmarkedsføring er unntatt av denne listen.»
Departementet: – Ekstremt viktig
Departementsråd Tom Rådahl i Klima- og miljødepartementet seier til Medier24 at dei ikkje har sett Fischer si kundeliste, og at dei dermed ikkje har teke stilling til hans habilitet.
– Han har ikkje byrja endå, så me tek det når han kjem.
– Kor viktig er det å ta stilling til?
– For tilliten til systemet er det alltid ekstremt viktig at me held slike ting veldig klart. Det er viktig.
– Ikkje hemmelegheiter
Fischer deltok i november i fjor på debatt om svingdøra mellom media og PR-bransjen på Svarte Natta-konferansen i fjor. Då sa han følgjande:
– Desse tinga er ikkje hemmelegheiter. Min jobb har tidlegare vore å formidla kunnskapen eg har fått frå «maktas korridorar» til heile verda. Eg sit ikkje på eit arsenal av ting eg fekk i hemmelegheit og kan bruka andre stader, sa han, og la til:
– Kompetansen eg har på norsk politikk har eg alt delt ut til folk, og eg driv ikkje og «knugar» på hemmelegheiter på politikarar for deretter å selja det i PR-bransjen. Eg opplever ikkje at kjeldenettverket eg har, eller journalistkollegaene eg hadde, er ein verktøykasse og ein pose med dollarteikn eg tok med meg ut frå TV 2 som eg kan selja.
– I det siste har eg til dømes hjelpt å kommunisera for eit selskap som er i ein omstillingsprosess.