Kjersti Løken Stavrum: – Eg kan ikkje definera meg som elite med min oppvekst og tilhøyrsle
Sjef i Schibsted-eigar Tinius-stiftinga, Kjersti Løken Stavrum, avviser Lendo-kritikk, skyr no-platforming, og meiner journalistikken aldri har vore betre enn i dag.
Få kvinner har sett eit større stempel på norsk journalistikk sidan tusenårsskiftet enn Kjersti Løken Stavrum. Ho har kledd ei lang rekkje redaktørroller i Aftenposten, vekebladet KK og har vore generalsekretær i både Norsk Presseforbund og Oslo redaktørforeining.
Men elitestempelet vil ho ha seg fråbeden.
– Det går ikkje. Ein kan ikkje definera seg som elite med min oppvekst og tilhøyrsle. Men eg kjenner mange – og det ser eg på som ein klar fordel, seier ho i intervju med Medier24.
Ho er no administrerande direktør i Tinius-stiftinga, som sit med den største eigarposten i Schibsted, det største mediekonsernet i Skandinavia.
– Men om du, med bakgrunnen du har, hadde vorte statsminister, ville du vel vore elite?
– Ja, men det er òg ein diskusjon om kva ein elite er.
– Om ein definerer det som ein maktelite?
– Eg vil ikkje at utøvinga av min innflytelse skal vera elitistisk. Men det er klart eg har innflytelse i områda eg er tilknytt. Om elite er at du ikkje lyttar breitt, er eg ikkje ein del av det, seier Løken Stavrum.
Mental terapi
Løkeen Stavrum er no også styreleiar i den norske avdelinga av den snart 100 år gamle ytringsfridomsorganisasjonen PEN International. Der vart ho vald inn i vår, etter å ha sete i styret sidan ho forlét Norsk Presseforbund.
– Eg er veldig oppteken av ytringsfridom. Då eg vart spurt om styrevervet i Norsk PEN, var det ein gåvepakke for meg. Det er ei stor og viktig hjartesak for meg – og fungerer som mental terapi. Ytringsfridom er grunnleggjande for medieverksemda. Journalistikk er ikkje ytringsfridom, men me er avhengig av ytringsfridom for å laga god journalistikk, seier Løken Stavrum.
– Ytringsfridom er vanskeleg og komplisert, og debattane me har for tida er òg veldig vanskelege. Det er både pirrande, interessant, og skjerpande, seier Løken Stavrum til Medier24, og held fram:
– Stadig fleire kjenner på ein frustrasjon når dei møter hindringar i ytringsfridomen. Den er det bra at nokon kan stå opp for.
Ho trur mange er redd for å ytra seg, i frykt for motbør. Dessutan registrerer ho ulike tersklar for kva ein er komfortabel med.
– Med moskéskytinga i Bærum får me igjen diskusjonar knyt til hat og hets, men som òg grensar opp mot religionskritikk. Det er ekstremt viktig at me bevarer kjensla av fridom til å kritisera religion.
– Forstår ikkje no-platforming
Blant dei heitaste ytringsfridomsdebattane me har hatt i Norge første halvår i 2019 handlar om då Nordiske Mediedager inviterte den omstridde Donald Trump-rådgjevaren Steve Bannon til mediefestivalen i Bergen i mai.
Legitimering av ein høgreekstrem, meinte somme. Viktig og riktig, meinte forsvararane. Så lenge det vart stilt kritiske spørsmål til mannen som vert sett på ein av dei sterkaste bidragsyterane til å gi amerikansk nasjonalisme eit ansikt dei siste åra.
– Eg har aldri hatt sans for no-platforming. Eg forstår ikkje ideen. Alle som arrangerer møter gjer vurderingar om kven ein inviterer, og kvifor. Det å seia at me har ein plattform som enkelte ikkje kan ta del i, ser eg ikkje logikken bak. Det gir berre meir merksemd til noko du ikkje ynskjer å gi merksemd. Ein er nøydd til å vita at ein er kompetent til å handtera ulike kjelder om ein ynskjer å setja søkjelyset på ei vanskeleg problemstilling.
– Eg var for invitasjonen av Steve Bannon, men kritikarane fekk rett i at han ikkje vart stilt til veggs. Likevel manøvrerte han seg smart. Ingenting han sa der og då kravde at han vart stilt til veggs.
– I denne samanhengen er ikkje Assange politisk. Han representerer rettar, og eg vil åtvara mot å politisera menneskerettar som presse- og ytringsfridom, seier Løken Stavrum.
Kjøper seg opp
Som administrerande direktør i blant dei mektigaste stiftingane i Norge, Tinius-stiftinga, som har den desidert største eigarposten i Schibsted, kvilar det ansvar. Stiftinga vart oppretta av tidlegare Aftenposten-sjef Tinius Nagell-Erichsen, med formål å sikra redaksjonelt sjølvstende, truverd og kvalitet i alle Schibsted sine publikasjonar.
No kjøper dei seg ytterlegare opp. Sidan byrjinga av juni har Tinius, via Blommenholm Industrier, kjøpt seg opp ytterlegare for totalt nesten ein halv milliard kroner gjennom ei lang rekkje transaksjonar.
– Blommenholm Industrier sine vedtekter vart ikkje endra då Schibsted fekk to aksjeklassar. For oss har det alltid vore viktig å ha over 25 prosent av stemmene, og det har me alltid hatt. No har me vald å kjøpa oss litt opp, seier Stavrum.
– Tinius forsøker etter beste evne å vera ein framoverlent og kompetent eigar. Det er ein stor fordel for eit medieselskap å ha ein langsiktig eigar som me er. Men du vil ikkje ha ein stor, tung, og dum, eigar. Det kvilar eit stort ansvar på oss for at me både forstår, og veit kva me vil med, vårt eigarskap.
– Ikkje feil å ta opp forbrukslån
Det nordiske mediekonsernet Schibsted har snart 200 år gamle røter, skipa Aftenposten i 1860 – og vart eigar av VG dryge 100 år seinare. Sidan har det vakse seg større og større, og bevegd seg lang utanfor tradisjonell medieverksemd. Det børsnoterte selskapet driv avisdrift, internasjonal rubrikkverksemd som Finn, fintech med forbrukslånsselskapet Lendo, og har i tillegg ei innovasjonsavdeling i Schibsted Next som skal sikra ytterlegare bein å stå på.
Det som likevel gir grobotn for kritikk mot Schibsted er låneformidlingstenesta Lendo, som i fjor omsette for 204 millionar kroner i Norge, og fekk eit resultat før skatt på 65 millionar kroner. «Er det greit at Schibsted både selger aviser og forbrukslån?» spurte PhD-stipendiat i samfunnsøkonomi Ole-Andreas Elvik Næss ved Norges Handelshøyskole i Aftenposten.
Han viste til manglande kritisk dekning av forbrukslånsbransjen i Schibsted-avisene.
– Frå eit eigarperspektiv kan eg garantera at redaksjonane er heilt frie og uavhengige. Det er flott at Aftenposten publiserer det, og eg tykkjer Kristin Skogen Lund svarte godt, seier Løken Stavrum.
– Kva tenkjer du om kritikken som går på at Schibsted hjelp sårbare personar til å manøvrera i ein jungel av forbrukslån?
– Det er ikkje per definisjon feil å ta opp eit forbrukslån. Mange gjer det – og treng det. Det er mange tenester som gir deg gode råd om forbrukslån, og det vil det stadig vera ein marknad for.
– Frå eit eigarperspektiv er me nøgd med korleis Schibsted handterer det.
I tillegg skilte Schibsted i vår ut deira internasjonale rubrikkverksemd, profittgarantisten Adevinta, som den tredje største børsnoteringa i norsk historie, berre slått av statlege Statoil og Telenor.
– Om du investerer i Schibsted, kva investerer du i då? Eit rubrikkselskap, medieselskap, eller tech-selskap?
– Då investerer du i eit medieselskap. Me er ein finansiell investor i Adevinta, men føremålsinvesteringa vår er i Schibsted – som er eit medieselskap. Me har no lagt til rette for at det kan utvikla seg som eit konkurransedyktig og sterkt økosystem.
Sli handterte ho Giske-saka
Løken Stavrum meiner det var godt for både journalistikken og Adevinta å skilja selskapet ut frå Schibsted. Ho tykkjer det aldri har stått betre til med journalistikken, men er likevel smerteleg klar over den mørke skya som har lege over avishusa det siste tiåret.
– Utfordringa er at det ikkje står eit gjerde rundt journalistikken. Den lev saman med all annan informasjonsformidling, og det er ei grunnleggjande utfordring.
– Har det nokon gong vore laga betre journalistikk enn i dag?
– Eg trur eigentleg ikkje det. Berre det at me umiddelbart kan retta ting som står på trykk er ekstremt viktig. Om du skreiv noko feil før, så vart det ståande. I tillegg tek me innover oss brukarperspektivet i mykje større grad enn før. Før var det meir avsendarperspektiv. Dialogen er avgjerande.
Og nettopp å korrigera feil er noko Schibsted-eigde VG har fått bryne seg på i vår. Dei har no lagt inn ein eigen rettelogg på sidene sine, for å synleggjera rettingar dei gjer. Det kom i kjølvatnet av den mykje omtalte Giske-saka, som vart felt i PFU for fem punkt i Ver Varsam-plakaten i slutten av august. Avisa har teke sterk sjølvkritikk, og beklaga korleis dei handterte Sofie, som dansa med Trond Giske på Bar Vulkan i februar. På sidelinja sat Løken Stavrum og observerte.
– Var du på noko tidspunkt bekymra for om den saka ville påverka tilliten til norske medium?
– Nei. Som eigar såg me at det var eit mangfald i meiningar blant Schibsted sine aviser. Det var fint. Aftonbladet var òg i ein storm på den tida. Då brukte eg mykje tid på å tenkja og lese. På slike tidspunkt er det, som eigar, best å sitja i ro.
Viktig å sikre mangfald
Medan alternative medium blomstrar opp i både Norge og, spesielt, i utlandet, rasar debattane om dei same nettstadene. Her til lands har me til dømes Resett, Document, Rights.no og Steigan.no.
Løken Stavrum ser verdien i mangfaldet:
– Eg er veldig for presseetikk. Det er bra når ein lagar ei publisistisk plattform og har tankar rundt ansvarlegdom. Det vil eg alltid meine. Samstundes er det viktig at etablerte medium har utfordrarar og at folk opplever at me har eit mediemangfald. Alle publisistar må ta innover seg at folk treng tryggleiken om at det kjem ut eit mangfald av meiningar og perspektiv.
Alternative medium, ofte frå høgresida, vert stadig tema når høgreekstreme gjer terrorangrep. Anten på grunn av dekninga, eller påverknaden dei har. Resett, til dømes, fekk merksemd for å vera den første norske nettstaden, med mål om å driva journalistikk, til å identifisera den terrorsikta Philip Manshaus.
– Alle kjelder har interesser
Bileta, som seinare vart brukt av brorparten av dei største norske media, var sjølv lasta opp av Manshaus i eit digitalt fotoalbum, fritt for bruk. Då han to dagar seinare stilte i fengslingsmøte i Oslo, hadde han gitt fotografane høve til å både kringkasta og ta bilete under møtet. Media er med på terroristen sin eigen strategi, seier professor Anne Gjelsvik ved NTNU til Dagens Næringsliv.
– Kjelder har alltid hatt interesser. Ein set det på spissen når ein diskuterer om media skal bruka bileta som moskéskyttaren la ut. Samstundes har alle kjelder interesser. Det er ein del av dikotomiet. Det er nyansar som gjer det vanskeleg. Skal ein ikkje bruka dei bileta, men sportsbilete til dømes?
– Men det er ein skilnad på å fremja interessene til ein fotballspelar og ein terrorist?
– Absolutt. Der er skilnaden. Men det heng saman på eit vis.
– Moskéskyttaren lasta opp eit fotoalbum av seg sjølv og tillèt fotografering under fengslingsmøte. Vart media ein del av apparatet hans?
– Som lesar registrerer eg at eg var ekstremt interessert i kven dette var på eit tidspunkt. Etter kvart fekk eg vita det, og no er informasjonsbehovet langt på veg dekkja. Media må vektleggja eit stort informasjonsbehov. Klart det var viktig å vita kven han ver.