Styreleiar i Norsk PEN, Kjersti Løken Stavrum.

Norsk PEN om nytt medie­støtte­råd: – Står i fare for å kappe av armane som skal skape avstand

Leiar i ytringsfriheitsorganisasjonen Norsk PEN, Kjersti Løken Stavrum, meiner rådet er teikn på utydeleg mediepolitikk.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Medier24 skreiv tysdag morgon om Trond Giske (Ap), Freddy André Øvstegård (SV), Bjørn Kristoffer Bore (Vårt Land), Irene Halvorsen (Nationen) som uttrykkjer skepsis om eit føreslått mediestøtteråd.

Rådet skal, ifølgje mediestøttemeldinga som vart lagt fram i slutten av mars, mellom anna fordele pressestøtte. Planen er oppstart i 2021, med 5-7 personar utnemnt av Kongen i statsråd.

 

– Utydeleg politikk

– At utøving av mediepolitikken gjer seg avhengig av eit slikt råd, er eit teikn på ein for utydeleg politikk, seier Kjersti Løken Stavrum, styreleiar i ytringsfriheitsorganisasjonen Norsk PEN, til Medier24.

Ho legg til:

– Me meiner ein står i fare for å kappe av armane som skal skape den armlengds avstand som mediemeldinga lovar.

 

Varsellampe

Løken Stavrum peiker som fleire andre gjorde under stortingshøyringa måndag på at Norge scorar høgt på pressefriheitsindeksar.

Mediepolitisk talsperson i Høgre, Tage Pettersen.

– Me i Norsk PEN er opptekne av den reelle pressefridommen. Norge ligg mellom anna på førsteplass i «Reportere uten grenser» si kåring. Alle dei formelle og uformelle teikna tilseier det, seier Løken Stavrum.

Til Medier24 sa talsperson for mediestøttemeldinga, Tage Pettersen (H), at eit slikt mykje raskare råd kan «agere i ei tid der det er behov for omstilling».

Løken Stavrum er, som mediepolitisk talsperson i Ap, uroa over at eit fåtal personar får politisk makt over spørsmål som ikkje er fasitsvar.

– Det er heilt riktig at medielandskapen endrar seg fort, men det å ha eit utval som koplar pengestøtte til denne løpande endringa – etter beste skjønn – utan politisk objektive føringar, er noko me meiner er prinsipielt uheldig.

– Det at ein vil vere personavhengig i eit slikt utval er ein del av varsellampa, seier ho vidare.

 

Toppar rangering

På FNs pressefriheitsindeks, utarbeidd av Report Without Borders, er Norge landet som kjem best ut. Kriterium som ligg til grunn er mangfald, sjølvstende, grad av openheit. i samfunnet, transparents, og om lovverket er undertrykkjande eller restriktivt.

– Pressa si fridom må vere klar og tydeleg, seier Løken Stavrum og legg til:

– Her set ein ned eit utval som skal gjere skjønnsmessige vurderingar. Me uroar oss no for at den armlengds avstanden allereie har mista betydeleg lengde.

– Me i PEN er opptekne av det prinsipielle, og fridommen ein skal ha frå stat og styresmakter. Jo meir personavhengig pengestøtta og utøving av politikken blir, jo større fare er det for å skape eit konfliktområde, seier ho.

Powered by Labrador CMS