Ordførar Ragnhild Aashaug og rådmann Siv Stuedal Sjøvold er til stades.

Tolga-ordføraren kjøpte PR-hjelp av styrekollega utan konkurranse

Tolga kommune gav PR-jobb til rådgjevar som var styreleiar i eit selskap kor ordføraren var nestleiar. Summen var ikkje høg nok til å kreve offentleg anbod.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

I fjor avslørte VG ei rekkje kritikkverdige forhold i Tolga kommune og deira behandling av brørne Arvid, Lars Peder og Magnus Holøyen då dei vart sett under verjemål mot si vilje.

Sidan har kommunen kjøpt inn PR-hjelp frå høvesvis King Street PR og Hilde Charlotte Solheim, viser dokument Medier24 har fått innsyn i. Fakturaane er datert 5. og 22. februar. Ingen av dei kommunen kjøpte PR-tenester av held til på Tolga.

Dei to har hjelpt kommunen med pressekonferanse og mediehandtering i samband med den statlege granskinga som vart lagt fram i februar. Solheim tilbyr ikkje pr-tenester til vanleg, men har bakgrunn som journalist og informasjonsrådgjevar, seier ho til Medier24.

Allereie etter Debatten-sendinga på NRK 11. oktober kontakta Tolga-ordførar Ragnhild Aashaug styrekollega Solheim for assistanse. På det tidspunktet var Aashaug nestleiar i styret til Destinasjon Røros, medan Solheim var styreleiar. Dei to forlot styret i april i år, etter fire års teneste.

Førre helg, 22. juni, var Aashaug i tillegg på ein privat låvefest hos Solheim, saman med om lag 70-80 andre.

Hilde Charlotte Solheim, her frå då ho var direktør for reise i hovudorganisasjonen Virke.

«Det er et arrangement som er midt imellom jobb og privat, med noen deltakere vi treffer privat og mange vi møter eller samarbeider med via jobb eller andre interesser», skriv Solhaug til Medier24 i ein sms.

Begge partar avviser privat venskap.

Likevel vart ingen andre selskap kontakta i høve oppdraget, til trass for at fleire PR-byrå hadde meldt interesse for tidlegare, ifølgje ordførar og rådmann i Tolga kommune.

– Me såg då at prisen ville bli høg. Det meinte me det ikkje var behov for. Me hadde behov for å halda kostnadane nede, seier Tolga-ordførar Aashaug til Medier24.

33,3 timar

Då oppgåvene vart for omfattande for Solheim, råda ho kommunen til å kontakte det nystarta PR-byrået King Street PR, kor Solheim kjente styreleiar Kristian Hvilen. Det gjorde ho fordi selskapet var nytt, og truleg kunne tilby ein låg pris. Heller ikkje då vart andre selskap kontakta.

Kommunen enda med å kjøpe PR-tenester frå King Street for 57.750 kroner eks. mva., og frå Solheim for 40.000 eks. mva. Det totale beløpet enda på 97.750 kroner eks.mva.

Ordførar Ragnhild Aashaug på pressekonferansen i samband med den statlege granskinga av Tolga kommune. Her i lokala til King Street PR.

Når summen går over 100.000 kroner, vert det i høve «Lov om offentlige anskaffelser» stilt særskilde krav til konkurranse og likebehandling for potensielle oppdragsgjevarar.

– Tolga-ordføraren kontakta meg og bad om eit råd etter Debatten-sendinga på NRK. Etter kvart spurde ho om eg kunne ta eit oppdrag for kommunen, seier Solheim til Medier24, og legg til:

– Med omsyn til eigen kapasitet og kommunen sin situasjon – både økonomi og anbodsreglar – aksepterte eg dette, under føresetnad av at me haldt det til eit svært avgrensa omfang.

(Sjå fleire kommentarar frå Solheim lengst ned i saka.)

Ho har fakturert kommunen for følgjande, ifølgje fakturaen:

  • 2 arbeidsmøter på Tolga
  • 2 skypemøter
  • 1 lengre arbeidsmøte, Skype
  • 1 arbeidssmøte i Oslo, halv dag
  • 1 full dag (10 timer) ifbm rapportframleggelse

Solheim fakturerte kommunen for 33,3 timar à 1.200 kr.

– Kjøpte det me måtte ha

Tolga-ordførar Aashaug avviser overfor Medier24 at summen vart halde under 100.000 kroner for å sleppe krav om offentleg anbod.

– Me var bevisst på å kjøpe det me måtte ha. Dette dekkja det me hadde behov for. Me har folk i organisasjonen frå før, men i og med at me er ein liten kommune er det avgrensa ressursar. Me sit ikkje med ein eigen kommunikasjonsansvarleg her, seier ho til Medier24.

King Street PR fakturerte for følgjande, ifølgje fakturaen:

  • Forberedelse og gjennomlesing av grunnlagsdokument
  • Arbeidsmøter i Oslo og over Skype.
  • Invitasjon til pressemøte: Tekst og medieliste.
  • Tekstbistand i forbindelse med Q&A.
  • Utarbeiding av pressemelding.
  • Utarbeiding av pressemelding via NTB.
  • Arangering og gjennomføring av pressemøte i King Streets lokaler 11.2.
  • Rådgivning.
  • Medierapport over dekning i etterkant.

Byråleiar Ann-Kathrin Årøen i King Street PR forklarar oppdraget slik:

– Dette var heilt «basic» tenester. Me hjelpte dei å skrive tekst til pressemelding, og så fekk dei låne våre lokale i sentrum, seier ho.

 

Marianne H. Dragsten er ekspert på offentlege anskaffingar.

– Bør vere openheit

Advokat Marianne H. Dragsten i Synch er spesialist på offentlege anskaffingar, og kommenterer PR-kjøpet til Tolga kommune slik:

– Det er potensielt problematisk at ein inngår kontraktar med kjenningar, sjølv om anskaffinga er relativt låg og det nok ikkje er ulovleg.

– Det er regelverk for å hindre «vennetenester», så difor bør det vere ekstra openheit rundt denne type anskaffingar, legg ho til.

– Er det ein kjent metode å halda offentlege kjøp under 100.000 kroner for å unngå krav om anbod?

– Det hender at nokon forsøker det, men det vil vere ei omgåing av regelverket, seier Dragsten.

 

– Me er ikkje vener

Habilitetsreglane i forvaltningslova krev at «en offentlig tjenestemann er ugild til å tilrettelegge grunnlaget for en avgjørelse eller til å treffe avgjørelse i en forvaltningssak».

Aashaug seier til Medier24 at dei vurderte habilitetsspørsmålet, men at dei konkluderte med at det heile var uproblematisk.

– Det var jo berre eit veldig lite oppdrag som var under grensa for krav om offentleg anbod, seier ho.

– Nokon kan oppfatte bindingane som uheldige?

Rådmann Siv Stuedal Sjøvold i Tolga kommune.

– Ja, det kan ein seie. Som sagt, me er ikkje vener. Me fekk anbefalt å få inn eit blikk utanfrå. Å gjere vurderingar for kven som skulle eigne seg best då var det ikkje tid og rom til, seier ho.

 

Ikkje protokollført

Advokat Dragsten presiserer at habilitetsreglane gjeld nære venskap, og at kjenningar frå næringslivet ikkje fører til inhabilitet.

– Men med ein gong det vert ein personleg relasjon – eller spesielt tett forhold forretningsmessig – vil det kunne føre til inhabilitet, seier ho.

Rådmann i Tolga kommune, Siv Stuedal Sjøvold, seier at dei ikkje har protokoll for anskaffinga då summen er under 100.000 kroner.

– Som ordførar har ein eit stort kontaktnett og kjennskapen til Solheim sin bakgrunn som journalist, politikar, og med fagområde innan offentleg rett, meinte me ho kunne vere ein god diskusjonspartnar i ei svært kompleks sak. Då me kontakta ho, var ho tydeleg på at ho vanlegvis ikkje tok denne typen oppdrag no, men kunne gi oss nokre råd, seier ho til Medier24.

 

– Feil å hente inn til større PR-oppdrag

I ein e-post til Medier24 legg Solheim til følgjande som bakgrunn for at ho tok på seg oppdraget.

«Fordømmelsen i mediedekningen og hetsen kommunen opplevde i sosiale medier var unison og voldsom. Kritikken var delvis basert på faktafeil, men kommunen fikk bare mer kritikk når de prøvde å påpeke dette. Uten sjanse til å nå igjennom med hva kommunen faktisk hadde gjort og ikke gjort, måtte kommunen prioritere å skaffe til veie all bakgrunnsdokumentasjon til granskningen, noe som var en omfattende jobb. Det ville vært feil prioritering å hente inn en leverandør til et større PR-oppdrag, når poenget var at kommunen gjennom flere måneder skulle avvente granskningen framfor å prøve å snakke sin sak i media.

Da granskingsrapporten skulle framlegges i februar, ble det klart at svært mange medier ønsket tilgang til kommuneledelsen. Jeg anbefalte derfor å hente inn en begrenset støtte for å få kapasitet til å forberede og gjennomføre pressemøtet I Oslo. Dette lot seg gjøre innenfor en svært nøktern ramme, noe som sparte kommunen for mye penger.»

Powered by Labrador CMS