Journalist Marie Melgård ut mot endring av sitat­sjekken: – Upraktisk

Marie Melgård seier politiske rådgjevarar er til hjelp, heller enn eit hemsko. Ho vil ikkje gjera sitatsjekken personleg.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

I Norsk Presseforbund sitt kjeldeutval sitt forslag til endringar av Ver Varsam-plakaten vil dei gjera sitatsjekken personleg, slik at rådgjevarar ikkje kan ta imot sitatsjekk.

– Det forslaget er for strengt, seier VG-journalist Marie Melgård. Ho byrjar snart i ny i Dagens Næringsliv.

Ho var òg - saman med mellom anna Lars Joakim Skarvøy - ein av journalistane som hadde byline på den mykje omtalte Bar Vulkan-artikkelen om Trond Giske i 2018, som mellom anna førte til ein knallhard PFU-felling.

– Då må ein ha raus deadline

Melgård stilte til debatt om sitatpraksisen saman med sjefredaktør Trine Eilertsen i Aftenposten, etikkredaktør Per Arne Kalbakk i NRK, PFU-medlem og journalist Liv Ekeberg i Agderposten under Medieåret 2019, arrangert av Norsk Presseforbund på Oslo Media House.

Debattleiar Ole Torp, sjefredaktør Trine Eilertsen i Aftenposten, etikkredaktør Per Arne Kalbakk i NRK, journalist og PFU-medlem Liv Ekeberg og journalist Marie Melgård.

I rapporten, som vart utarbeidd i kjølvatnet av Sofie-saka til VG, føreslår kjeldeutvalet at sitatsjekken skal verta personleg. Med det er det intervjuobjektet som har krav på å få sitatsjekk, og ein journalist kan nekta pr-rådgjevarar å koma med kommentarar til eit intervju.

– I kvardagen vil det vera eit veldig upraktisk forslag. Om du skal intervjua til dømes Erna Solberg (H) eller Jonas Gahr Støre (Ap) i valkampen, skal du då venta på at dei sjølv skal opna mailen og korrigera feila? Då må du ha ein veldig raus deadline, kommenterer Melgård under debatten.

 

Større problem i næringslivet

Etikkredaktør Per Arne Kalbakk i NRK.

Han fekk støtte av etikkredaktør Per Arne Kalbakk i NRK, som meiner at dette er eit langt meir utbreitt problem i næringslivet og i akademia enn blant politikarar.

– Eg snakka ein del med politiske journalistar i NRK, og dei seier det same som Marie. Det er nok på litt andre samfunnsområde det er eit problem, seier Kalbakk.

I NRK har dei derimot allereie innført ei rekkje av endringane utvalet til Presseforbundet, leia av Sven Egil Omdal, har føreslått.

– Det vil aldri vera eit presseetisk problem å sitera meir presist, seier Kalbakk under møtet.

«Litt upresist», eller «litt munnleg»?

Under debatten vart det diskutert både bruk av anonyme kjelder, ordrett sitering og sitatsjekk.

Journalist Melgård meiner det er greitt å summera opp essensen av eit langt intervju til eit par korte sitat.

– Så lenge ein ikkje legg ord i munnen på nokon så finst det i dag moglegheiter for å trekkja saman poeng i eitt sitat, seier Melgård, og legg til:

– Ei morosam erfaring frå VG er at då eg byrja der vart eg opplært til å bruka orda i dei faktisk bruker i eit sitat. Mi oppleving med politikarar er at dei ikkje er så veldig interessert i det, og eg har fått tilbakemeldingar om at det har blitt «litt upresist» eller «litt munnleg». Eg veit ikkje om alle er heilt førebudd på den sitatpraksisen som er føreslått, seier ho vidare.

Sjefredaktør Trine Eilertsen i Aftenposten.

 

Må forklara vala betre

Sjefredaktør Trine Eilertsen seier ho har inntrykk av at journalistar altfor ofte lener seg på sitat, i staden for å gje att eit meiningsinnhald i ei parafrasering. Ho tykkjer sakene blir altfor lange ved at ein til dømes først skriv ei forklaring av kva nokon meiner, for å så støtta det opp med ei sitat.

– Sakene blir så sjukt lange, seier Eilertsen.

Vidare meiner ho at bransjen har vore for dårleg til å ha eit sett med felles køyrereglar for sine redaksjonar.

– På ei annan side er det veldig lett å skriva reglar, men mange saker heilt unike – og skilnaden mellom urutinerte og rutinerte kjelder er ein heilt avgjerande diskusjon me har hatt altfor lite. Mykje av kritikken me fekk av ungdomspartia i samband med metoo var rettkomen, og var ein lærdom for oss, seier Eilertsen.

Vidare kom Eilertsen med ei bøn:

– Me må verta tydelegare på kva diskusjonar me har hatt internt når me vel å bruka anonyme kjelder i kontroversielle saker.

PFU-medlem og Agderposten-journalist Liv Ekeberg seier det er eit stort dilemma om dei meiner dei sit på opplysningar med samfunnsmessig betydning, medan kjelder er redde for represaliar og konsekvensar.

– Me må berre ynskja at me har kjelder som tør å stå fram, men kan ikkje forlanga det, seier ho.

Powered by Labrador CMS