Kenneth Dahling, dagleg leiar for dei tre bydelsavisene Åsane Tidende, Sydvesten og Fanaposten, saman med eigar og Media Bergen-sjef Ove Grønnevik.Gard L. Michalsen
Avis tapte 240.000 annonsekroner i mars. Får 6.000 kroner i krisestøtte
– Denne ordninga speglar ikkje korleis strukturen vår er bygd opp, seier dagleg leiar Kenneth Dahling i Åsane Tidende.
I mars budsjetterte bergensavisa Åsane Tidende med 420.000 kroner i annonseomsetnad.
Fasiten blei 167.000 kroner.
No får dei 6.447 kroner frå regjeringa si kontantstøtteordning, som er meint å famna bredt over det norske næringslivet som vert råka økonomisk av koronakrisa.
– Det blei litt. Ikkje dei store tinga, men når me først hadde gått i gang fann me ut det var verd å fullføra søknaden, seier dagleg leiar Kenneth Dahling i Åsane Tidende og ler når Medier24 slår på tråden.
– Me er ein del av eit konsern, som eigentleg skulle gå gjennom alle selskapa, for å sjå kven som hadde krav på støtte og ikkje. Sjølv om beløpet var lite, tenkte me kunne gjennomføra søknaden, seier Dahling.
Og held fram:
– Me håpar at Kulturdepartementet ser på ein eigen pakke til media, for denne ordninga speglar ikkje korleis strukturen vår er bygd opp.
Stortinget har bede regjeringa om ein krisepakke, som er venta å koma i mai.
– Stort annonsefall
I søknaden sin skriv Åsane Tidende at dei har 33.956 kroner i faste uunngåelege kostnader i mars, og at dei mot tilsvarande periode i 2019 har tapt 169.000 kroner i omsetnad.
Då regjeringa 12. mars stengde ned Norge stupte umiddelbart annonseinntektene til norske medium. Verst går det utover små lokalaviser, som ikkje har store konsern i ryggen.
Hos Åsane Tidende, som er ein del av lokalavis-konsernet Bydelsavisene i Bergen, har tapt store deler av inntektsgrunnlaget sit.
– Annonsefallet er veldig stort. Svikten er på rundt 50 prosent jamt over i avisene. Difor har me måtte justera på produkta, gått litt ned på talet utgåver, og fokusert meir på nett, for å spara på tekniske kostnader, seier Dahling.
– Vil få det tøffare
I tillegg har lokalavisene – som inneber Åsane Tidende, Fanaposten og VestNytt – måtte permittera både kommersielle og redaksjonelle medarbeidarar.
– Me desse tilpassingane har me landa noko lunde i mars, men me er veldig spent. Dette kan ikkje vara ved. Me er nøydd til å gå tilbake til normal drift i mai, så me vil få det tøffare dersom annonsemarknaden held seg så negativ, seier han.
Blant andre søkjarar som har fått innvilga små beløp er selskapa 5000 Bergen Radio (32.063 kr), fagbladet Aperitif (28.226 kr), produksjonsselskapet Monday Productions (47.795 kr) og ei rekkje reklame- og kommunikasjonsbyrå.