Julepraten:

TV 2s Karen Anna Kleppe: – Det har vært noen deilige historier om Teams-tabber

TV 2s nye reporter i Tromsø oppsummerer 2020 i #Julepraten.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

I tradisjonen tro stiller også Medier24 i år en rekke spørsmål til mediemennesker i spalten #Julepraten.

Neste person ut er TV 2 Nyhetenes reporter i Tromsø, Karen Anna Kleppe.

– Hva gjør du i jula?

– Viss eg får det akkurat slik eg ønsker vekslar eg mellom å smake meg gjennom minst fem slag, turar ut til Sørlandets mange fyr, og julefilmmaraton med familien. Elles skal eg pugge kommunar og tettstadar i Troms og Finnmark før eg flyttar dit etter nyttår.

– Hva må til for at det blir ordentlig jul for deg?

– Tre nøtter til Askepott og tanteborna! Ingenting seier julestemning meir enn born som tre bitar inn i pinnekjøttmiddagen begynner å spørre om vi snart kan opne pakkane.

– Hva husker du best fra medieåret 2020?

– Korleis vi som folk så fort klarer å omstille oss til ein heilt ny kvardag, det er mediebildet ein god illustrasjon på. Då pandemien først meldte sin ankomst sendte alle norske medier ut pushvarslar med kvar einaste nye smitta, og folk sat klistra til Nyhetskanalen og andre medium for direkteoppdatering. No hevar folk så vidt eit augebryn viss ein kommune får eit smitteutbrot.

– Hva var det morsomste som skjedde i 2020?

– Det som sit ferskast i minnet må vere kollega Lars Joakim Skarvøy sitt intervju med Trygve Slagsvold Vedum,  der det nye slagordet til Senterpartiet blei danna: «Pizza og pølser framfor pjolter og pils». Elles hadde mine kollegaar i nord nokre herlege reportasjar frå seint i vår med nordlendingar som var drittleie nedsnødde hytter og hus. Det er god TV.

– Hva var det pinligste som skjedde i 2020?

– Det har jo vore nokre deilige historier om Teams-tabbar som følge av heimekontor og heimeundervising, slik som den danske læraren som gløymde å skru av videochatten under hyrdestunda. Elles er jo Northug si nye julelåt akkurat passe klein. 

– Hva tror du vil påvirke medieåret 2021?

– Korona og vaksine vil nok prege 2021 meir enn vi kanskje ønsker. Men eg håpar det etterkvart er dei positive sakene som dominerer. At kultur- og uteliv opnar opp, og dei som har grodd fast på heimekontor endeleg får ta bussen til jobb igjen. Elles så klarer vel Trump å sparke litt frå seg før han må gi stafettpinnen vidare.

Powered by Labrador CMS