Rita Løseth, Journalist i lokalavisa Nyss

Medier24s julekalender, luke 21:

Nyss-journalisten brenner for gründer­bygda: – Gjør det spennende å skrive saker

Rita Løseth, Journalist i lokalavisa Nyss skjuler seg bak dagens luke.

Publisert

I desember vil Medier24 telle ned til jul med 24 lokalavisjournalister fra aviser over hele landet.

Bak dagens luke er Rita Løseth, Journalist i lokalavisa Nyss, som har dekningsområde Sykkylven og Stranda.

– Hvorfor jobber du i lokalavis?

– Fordi som journalist får eg snakke med mange ulike menneske med heilt ulik bakgrunn og interesser kvar einaste dag. Eg får såleis eit innblikk i ei mengd forskjellige bransjar, fagfelt og får snakke med menneske frå alle kulturar og samfunnslag. Dessutan brenn eg for bygda og ynskjer å skrive interessante saker om alt det spanande som skjer i mi bygd. Eg kjem frå ei svært industritung bygd, med ein imponerande gründertradisjon som går tilbake heilt til 1800-talet, om ikkje lengre. Denne ånda lever på Stranda og i Sykkylven også i dag, og den verdiskapinga som skjer i bygdene våre, er spreidd både i inn- og utland. Slikt gjer det spanande å skrive saker om det som skjer her.

Medier24s julekalender

Vi er lokalavisen for mediefolk. Da er vi også lokalavisen for lokaljournalister.

Derfor vil vi bruke desember for å dra et knippe av de fine lokalavisjournalistene fra hele Norge frem i spaltene.

I julekalenderen vår blir du kjent med tjuefire lokalaviser, tjuefire lokalavisjournalister, tjuefire juletradisjoner og tjuefire lokalavisminner.

Har du lyst til å være med i kalenderen? Ta kontakt på torill@medier24.no

– Hva er den største utfordringen med det?

– At folk vil arrestere meg for innhald i artiklane mine, hakke på skrivemåte eller stadnamn til dømes. Eg kan også kjenne litt press på å finne aktuelle og interessante saker i stille periodar, også kalla «agurktid».

– Beste lokalavisminne?

– Eg trivst så godt når heile redaksjonen vår er samla, er på seminar, har fellesmøter eller berre arbeider med saker i lag. Avdelingane våre ligg med ein reiseveg-avstand på om lag ein halv time, men treffast likevel alt for sjeldan. Gode minne har eg også frå nære intervjusituasjonar, der menneske har opna seg, delt av liva sine og stolt på at eg vil nytte innhaldet i bodskapet på ein respektfull måte.

– Beste sak i avisen i år?

– Det må vere saka om Muhamad Kohder Mahmoud, eller Moa, som han vert kalla blant vener, som kom til Norge saman med broren Ahmad etter ei dramatisk flukt frå heimlandet Syria i 2016. Trygt framme på Stranda møtte han eit system som absolutt ikkje var budd på å ta imot menneske i hans situasjon og fleire uheldige følger måtte han sjølv ordne opp i, også av økonomisk karakter. I tillegg opplevde han å bli utsett for framandhat i arbeidet sitt i ein daglegvarebutikk på Stranda.

– Har du en uvanlig jule/førjuls-tradisjon?

– Nei, ikkje spesielt uvanleg. Men eg trommar saman heile storfamilien til felles julemiddag og julefeiring kvart år, og vi er sjeldan færre enn ti til middag. Jula er familietid og eg elskar denne årstida.

Powered by Labrador CMS