STILLING LEDIG:

Lokalavisa «Tysnes» har ledig fast 100% stilling som journalist

Me søkjer ein ekte lokalavis-journalist som kan sjå føre seg ei framtid i lokalavisa på Tysnes.

Denne artikkelen er over to år gammel.

Informasjon om stillinga:

Stillingstype: Fast

Arbeidsstad: Våge, Tysnes

Søknadsfrist: 15. februar

Om arbeidsgjevar:

Bladet Tysnes er lokalavis for Tysnes, utflytta tysnesingar og ferierande i kommunen. Med eit opplag på 2.089 er «Tysnes» den lokalavisa i Norge med høgast opplag i høve til folketalet. Avisa har to faste journaliststillingar og fem tilsette. «Tysnes» har papiravis kvar torsdag og publiserer dagleg på nett. Redaksjonen held til like ved Våge ferjekai i Tysnes, sentralt i Sunnhordland, med kort reiseveg til Stord og Bergen.

Ein av våre to faste journalistar søkjer nye utfordringar. Me har difor ledig stilling frå 1. mars, eller etter avtale.

Aller helst ynskjer me oss ein søknad frå deg som:

• Er oppteken av å skriva om små og store saker som er av interesse for folk som bur på Tysnes

• Tenkjer både papir og digitalt

• Stiller med friskt pågangsmot og vågar å stilla kritiske spørsmål når det er nødvendig

• Viser entusiasme enten det er knøttefotball, kommunestyremøte, bollebasar på bedehuset, næringslivsnytt eller DDE-konsert på Tysnesfest som skal dekkast

• Er glad i å skriva, og kan skriva god nynorsk

• Har førarkort og eigen bil

• Ønskjer å bu på Tysnes

Me tilbyr:

• Godt arbeidsmiljø

• Høve til fagleg opplæring og vidare utvikling

• Ansvar til å jobba med eigne saker

• Høve til å vera med å påverka utviklinga i ei lita avis

Har du lyst å jobba i ei pulserande lokalavis i turistperla Tysnes? Kontakt redaktør/dagleg leiar Ole Skaten, tlf. 970 29 220.

Søknad med CV og attestar sender du til: ole@tysnesbladet.no
Søknadsfrist: 15. februar

Powered by Labrador CMS