Venstre sin Abid Raja møtte perssa på Gardermoen i haust. Her blir han intervjua av Alf Ole Ask i Aftenposten, Håvard Kristoffersen Hansen i VGTV, Jørgen Gilbrant i Dagbladet og Mads Fremstad i TV 2.Vidar Ruud / NTB scanpix
SSB:
Så mykje tener journalistar og kommunikasjonsrådgjevarar
For andre året på rad tener journalistar meir enn informasjonsmedarbeidarar.
Statistisk sentralbyrå (SSB) sin årlege lønsstatistikk, som vart lagt fram i byrjinga av februar, viser ein lønsvekst i bransjen som er på linje med samfunnet elles.
Journalistar har sidan 2015 hatt ein lønsvekst på 13 prosent sidan, like over gjennomsnittet på 11 prosent.
Menn tener best
Informasjonsrådgjevarar tente lenge betre enn journalistar, men vart passert i 2018 og for andre året på rad er journalistar like over.
Av journalist- og kommunikasjonsjobbane i SSB sin yrkesdatabase er det PR- og infosjefane som tener best, med ei månadsløn på 67.920 kroner. Programleiarar i TV og radio tener 53.260 i månaden, medan journalistar, informasjonsrådgjevarar, og reklamerådgjevarar er hakk i hæl med høvesvis 52.260, 51.820 og 51.940 kroner i månaden.
Stadig er det eit lønsgap mellom kvinner og menn. Størst er skilnaden i reklamebransjen, kor menn tener 14,2 prosent betre enn kvinnene, medan journalistane kjem best ut med ein differanse på 7,3 prosent.
Saka held fram under grafen.
– Ikkje bra
Leiar Therese Manus i Kommunikasjonsforeningen er ikkje nøgd med lønnsgapet i kommunikasjonsbransjen. Ho presiserer at dei kjem med eigen lønsstatistikk i løpet av kort tid, og at ho ikkje har fått tid til å dykka ned i årets statistikk enno.
– Det vert spanande å sjå om det er endring i riktig retning, med likare løn, for tidlegare har også me sett at det er ein skilnad på lønsnivå mellom kvinner og menn – spesielt innanfor nokre sektorar og stillingsgrupper. Det ser me ingen grunn til at det skal vera, seier ho, og legg til:
– Det er ikkje bra med lønsskilnad mellom kvinner og menn. Her har arbeidsgjevar eit ansvar.
Sprik mellom SSB og NJ
Datagrunnlaget til SSB baserer seg på 7.545 journalistar og 364 programleiarar i TV og radio i Norge. Til samanlikning var det 8.353 organiserte medlemmer i Norsk Journalistlag ved inngangen av 2020.
Leiar Hege Iren Frantzen i Norsk Journalistlag ynskjer ikkje å kommentera SSB sin lønsstatistikk for journalistar, då deira eigen statistikk vert lagt fram 1. april. NJ sin lønsstatistikk vert henta inn i samarbeid med mediebedriftene.
SSB-statistikken tel med 3.918 informasjonsrådgjevarar, 7.314 reklamerådgjevarar og 1.572 PR- og infosjefar.
Saka held fram under grafen.
Therese Manus i Kommunikasjonsforeningen er ikkje overraska over at journalistar no tener betre enn informasjonsrådgjevarar.
– Mange av dei som jobbar med kommunikasjon jobbar internt i verksemder – ikkje i byrå – og ingenting tyder på at desse medarbeidarane har noko høgare lønsnivå enn medarbeidarar generelt i den type kontorjobbar, seier ho, og legg til:
– Dei siste åra har informasjonsrådgjevarar hatt ein lågare lønsvekst enn i samfunn elles. Det kan ha å gjera med at ein har hatt ei forholdsmessig høg løn tidlegare, og at det jamnar seg ut. Men det har vore bølgjedalar i norsk økonomi, og mange av desse stillingane er i stabsfunksjonar, som det kan bli stramma inn på i slike tider.