STILLING LEDIG:

STYRKJER REDAKSJONEN:

Avisa Hordaland søkjer journalistar

Lokalavisa på Voss er i vekst og søkjer journalistar til faste stillingar. Me har høge journalistiske ambisjonar og skal fornya avisa. Vil du vera med på laget?

Denne artikkelen er over to år gammel.

Informasjon om stillinga:

Stillingstype: Fast

Arbeidsstad: Voss

Søknadsfrist: 12. oktober

Om arbeidsgivar

Hordaland er lokalavis for Voss, Granvin, Ulvik, Vaksdal, Modalen, Eidfjord og Ullensvang. Lokalavisa har lokale eigarar og samarbeider med Amedia om alt av tenester og system. Hordaland er opplagsvinnar blant lokalavisene i Vestland med eit opplag på 8334. Me veks kraftig digitalt, samstundes som at papiravisa står sterkt. Avisa kjem ut tre gonger i veka.

I ei avis som Hordaland betyr journalisten noko ekstra for lokalsamfunnet. Du skapar innhald som folk snakkar om, fordi du kjem tett på, med kort veg til kjelder og saker.

Som journalist i Hordaland evnar du å bita deg fast i dei politiske prioriteringane på heradshuset eller avslører kritikkverdige forhold. Du veit korleis du driv med kvardagsgraving, meistrar feature eller portrett, og veit at nyheiter frå kultur eller økonomi kan vera like viktige å formidla.

Moglegheitene til å utvikla seg som journalist er eineståande gode i ei lokalavis som denne. Du avgjer sjølv kor langt du vil nå.

Kvalifikasjonar:

  • Er utdanna journalist eller har annan relevant utdanning
  • Kan journalistfaget og har god kompetanse frå avis eller andre publikasjonar
  • Meistrar idéutvikling og forstår kva som er ei god sak
  • Skrapar ikkje på overflata og kjenner deg trygg på undersøkande journalistikk
  • Er presseetisk sterk og står støtt i journalistisk metode
  • God i nynorsk og kjenner glede ved godt språk

Personlege eigenskapar:

  • Jobbar godt både aleine og saman med andre
  • Sterk formidlingsglede og indre drivkraft for å rapportera nyheiter og innhald
  • Brenn for journalistikk som utviklar, underheld og opplyser samfunnet
  • Trygg på både foto- og videoredigering, og forstår kommunikasjon på ulike flater
  • Meistrar digitale reiskapar og forstår verdien av dei digitale avisprodukta

Det er sjølvsagt ein fordel om du bur eller vert busett på Voss, men ikkje eit absolutt krav. Hordaland er oppteken av å få dei beste søkjarane.

Ei avis for mange

Hordaland held til i sentrum av Voss, ei av dei mest innovative bygdene i Noreg. Med jarnbanen kjem du deg til både Bergen og Oslo, og turmoglegheitene i og kring bygda er heilt unike. Mange kjenner til Voss gjennom Ekstremsportveko, Voss cup, skisport eller Vossa jazz, men Voss har òg ei sterk lokalavis med mange lojale lesarar. Med Voss herad sine 16.000 innbyggjarar vil du som tilsett i Hordaland vera viktig for mange. I tillegg kjem omeignskommunane Ulvik, Vaksdal, Modalen, Eidfjord og Ullensvang, som avisa òg dekkjer.

Ver med på laget!

Hordaland er ei nytenkjande avis med tradisjonelle røter, med store ambisjonar for framtida. Me skal vera ein attraktiv arbeidsstad, driva eit moderne mediehus, laga kvalitetsjournalistikk, vera fyrstevalet til kundar og ha ei synleg merkevare. Målet er å verta endå meir viktig for dei som brukar oss.

Vil du vera med å påverka ei av landets beste lokalaviser? Då søkjer du på stillinga som journalist.

Kontaktinformasjon:

Send CV og søknad til guro.valland@avisa-hordaland.no

Powered by Labrador CMS