Visesentralbanksjef Jon Nicolaisen og Nicolai Tangen då Norges Bank inviterer til pressekonferanse om arbeidsavtalen for ny dagleg leiar i Norges Bank Investment Management.

Norges Bank ut mot VG-artikkel: – For­leder lesar­ane

– Ikkje riktig at me trassar representantskapet, meiner Norges Bank. – Han påpeiker ikkje faktiske feil i VG si dekning, svarar avisa.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

I eit debattinnlegg i VG rettar visesentralbanksjef Jon Nicolaisen sterk kritikk mot ein VG-artikkel, kor avisa slår fast at Norges Bank har trassa Stortinget sitt tilsynsorgan.

Representantskapet til Norges Bank, som er oppnemnd av Stortinget, har kome med ei rekkje krav i kjølvatnet av tilsetjinga av Nicolai Tangen som ny sentralbanksjef.

VG listar opp fleire punkt kor hovudstyret i Norges Bank ikkje har følgt krava frå representantskapet:

  • Manglande innhenting av dokument om fleire deler av Tangen si forretningsverksemd.
  • Manglande innhenting av liste over medinvestorane i AKO-systemet til Tangen.
  • Representantskapet skreiv at risikoen for interessekonfliktar mellom hans private forretningsverksemd og sjefsjobben i Oljefondet måtte «eliminerast». Banken har derimot innført tiltak som skal «redusere risikoen», ifølgje VG.
Leiar av representantskapet i Norges Bank, Julie Brodtkorb.

Norges Bank reagerer no på at VG skriv at dei har trassa representantskapet.

«Det er selvfølgelig ikke riktig», skriv visesentralbanksjef Jon Nicolaisen i debattinnlegget i VG onsdag kveld.

«VG forleder leserne», står det i overskrifta i Nicolaisen sitt innlegg.

Det er nyheitsredaktør Tora Bakke Håndykken i VG som svarer for avisa si dekning. Ho har ikkje svart Medier24 gjentekne anrop torsdag og fredag, men svarar på spørsmål skriftleg. Ho avviser kritikken frå Nicolaisen:

«Vi kan ikke se at Nicolaisen påpeker faktiske feil i VGs dekning. Norges Bank bekrefter selv at enkelte spørsmål ikke er besvart», skriv ho mellom anna.

– Konfidensiell informasjon

Nicolaisen er ordknapp då Medier24 ber han utdjupa kritikken torsdag føremiddag.

– Mine synspunkt er alt adressert i innlegget, seier Nicolaisen til Medier24.

Intervjuet med Medier24 vart gjort før representantskapet i Norges Bank sendte eit brev til Stortinget kor dei fastslo at det «fortsatt gjenstår å etablere tilstrekkelige interne kontrolltiltak». Det er ingenting i brevet frå representantskapet som påverkar deira syn på VG sin artikkel, stadfestar Norges Bank sin pressesjef Bård Ove Molberg overfor Medier24 fredag.

– Men kva er det, heilt konkret, som ikkje er riktig i VG si framstilling?

– At me trassar representantskapet. Det er ikkje riktig, seier Nicolaisen.

Visesentralbanksjef Jon Nicolaisen. Her tilbake i 2012.

– VG listar opp ei rekkje krav frå representantskapet de ikkje har følgt opp. Det er framleis ikkje heilt klart for meg kva som er uriktig i VG-artikkelen?

– Eg grunngir kvifor representantskapet ikkje har fått svar på spørsmåla i VG-innlegget.

– Kvifor har de ikkje henta inn meir dokumentasjon om Tangen sin private forretningsverksemd og liste over aksjonærane i AKO-systemet?

– Fordi det er konfidensiell informasjon, og me har ikkje juridisk høve til å henta det inn, med omsyn til personvern til dømes.

– Du skriv at VG forleder lesarane sine. Korleis?

– Då refererer eg til det at dei skriv at me trassar representantskapet. Det er ikkje riktig.

Utover det vil han ikkje karakterisera VG si dekning av Tangen-saka.

Nicolai Tangen under pressekonferansen om arbeidsavtalen hans som ny dagleg leiar i Norges Bank Investment Management.

Nicolai Tangen sjølv ynskjer ikkje å kommentera saka overfor Medier24, og viser til Norges Bank.

VG skriv også om Tangen si uavklarte skattesak på opp mot 300 millionar kroner i Storbritannia. Tangen har ikkje lagt fram alle detaljar i saka, og grunngir det med at saka ikkje er ferdigbehandla.

«VG går også langt i sine forsøk på å mistenkeliggjøre Tangen og hans motiver. (…) Som VG er informert om, har Tangen overfor Norges Bank vært åpen om denne tvisten under hele ansettelsesprosessen, og Tangen har så langt det har vært mulig besvart VGs spørsmål i en rekke e-poster samt under pressekonferansen 28. mai», skriv Nicolaisen.

«Norges Bank bekrefter selv»

Nyheitsredaktør Håndlykken tykkjer det er viktig at Norges Bank får koma til ordet, og at visesentralbanksjefen deltek i det offentlege orskiftet. Likevel presiserer ho:

«Samtidig mener vi at en mektig samfunnsaktør som Norges Bank, som forvalter vår felles formue, må tåle et kritisk søkelys.»

– Han meiner VG forleder. Har VG dekning for det de slår fast i artikkelen? På kva måte har Norges Bank trassa representantskapet?

Nyheitsredaktør Tora Bakke Håndlykken i VG.

«VGs gjennomgang viser at tilsynsorganet ikke har fått svar på alle krav og påpekninger. Vi kan ikke se at Nicolaisen påpeker faktiske feil i VGs dekning. Norges Bank bekrefter selv at enkelte spørsmål ikke er besvart. Forklaringen er at spørsmålene er underlagt taushetsplikt eller “har hatt liten relevans for å demme opp interessekonflikter”. Det står de fritt til å mene, og VG har altså ikke tatt stilling til om representantskapet stilte relevante spørsmål, kun påpekt at Norges Bank ikke svarte», svarar Håndlykken.

– Nicolaisen meiner de mistenkeleggjer Tangen. Har de forståing for det, når Tangen sjølv seier han må ta omsyn til at skattesaka stadig er under behandling, og difor vil venta med å gi detaljerte saksopplysingar?

«Som sjef for det norske oljefondet skal Nicolai Tangen forvalte vår felles formue. Vi har stilt kritiske spørsmål ved hvordan Tangens formue skal forvaltes, skattemessige spørsmål og om en pågående rettstvist i England som har åpenbar offentlig interesse. Dette er mange av de samme spørsmålene som representantskapet har vært opptatt av, og som gjør at denne ansettelsen har fått et etterspill langt utover det vanlige. Vårt mål har vært å belyse saken bredest mulig, ikke å mistenkeliggjøre.»

Powered by Labrador CMS