Synnøve Skarbø, Jan Fredrik Karlsen, Per Kjerstad, Knut Nærum, Stian «Staysman Thorbjørnsen» og Mads Hansen.

Salangen-Nyheter i krise: No vil kjendisar redda «Heile Norge si lokalavis»

– Det er hjartevarmande å sjå at folk så interessert i det me driv med, seier redaktør Jon Henrik Larsen.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Mange hugsar lokalavisa Salangen-Nyheter i Troms frå TV3-dokumentaren med same namn eller som hyppig bidragsytar til P4-programmet Misjonen med Antonsen og Golden si spalte om lokale nyheiter.

No kjenner dei koronakrisa på kroppen, og det har fått lesar Benny Høynes til å setja i gang ein Vipps-aksjon for å redda den vesle avisa og radiokanalen SN-Radio.

– Me har ikkje mykje annonsesal lenger. Det er heilt stopp. Me mista 90 prosent av omsetnaden 13. mars, seier redaktør Jon Henrik Larsen til Medier24.

– For å halda opp sendingane

Avisa står bak moderne klassikarar som «Ny hylle på Prix» og «Tomme for popcorn».

Gründer, eigar, dagleg leiar og redaktør Larsen har vore open om at han er både autist og uføretrygda, men er likevel sjef for fem tilsette.

Redaktør og eigar Jon Henrik Larsen, drifts- og personalansvarleg Herleif Kristoffersen og Torbjørn Kosmo.

– Det er hjartevarmande å sjå at folk så interessert i det me driv med. Me har 20-års jubileum i oktober, og har blitt ei viktig nettavis for heile Norge. Dagbladet har jo titulert oss som «heile Norges lokalavis», seier han.

Til no har dei samla inn dryge 6.000 kroner, ifølgje Larsen.

  • Sjå videohelsing frå kjendisane nedst i saka!
Redaktør og eigar Jon Henrik Larsen i Salangen-Nyheter.

– Det er for å halda oppe sendingane. Dei har utgifter som alle andre. Det er lite annonsesal og det er greitt å få vidare sendingar. Då treng ein midlar for å få ting til å gå rundt, seier initiativtakar Høynes til Salangen-Nyheter, som første omtalte saka.

Når Medier24 snakkar med redaktør Larsen og journalist Torbjørn Kosmo fortel dei om ein av sine ferskaste suksess-artiklar, nemleg «Mikkel Rev satt seg fast».

– Me plukka det opp frå ei Facebook-side i Bardu, nabokommunen, og så tenkte me at me måtte skrive om fordi det passa oss midt i blinken. Det var ei banal, men positiv, sak, som slo veldig godt an, seier Kosmo til Medier24.

Dei har om lag 28.000-32.000 sidevisingar dagleg, ifølgje Larsen.

Stjernelag donerte pengar

Blant bidragsytarane finn me ei rekkje kjente personar som Stian «Staysman» Thorbjørnsen, Mads Hansen, Synnøve Skarbø, Thomas Numme, Knut Nærum, Jan Fredrik Karlsen, og TV 2-anker Arill Riise.

TV 2-veteran Arill Riise.

– Det er viktig med lokale nyheiter, og alle kjemper no i desse koronatider. Når dei ikkje får inn annonsekroner må ein støtta opp, seier Arill Riise til Medier24.

– Dei er ein entusiastisk gjeng som eg har hatt med å gjera før. Eg har vore gjest hos dei og dei har vore her hos TV 2. Dei er sjarmerande og flinke folk som treng støtte i desse tider. Det er tøft for mange, og eg tykte det var gøy å støtta gode kollegaer, legg han til.

Vipps-støtteaksjon fra kjendiser til Salangen-Nyheter from Salangen-Nyheter on Vimeo.

Powered by Labrador CMS