Klubbleiar Jo T. Gaare i Morgenbladet.

Klubbleiar i Morgenbladet: – Det har vore turbulente tider under NHST

NHST har selt Morgenbladet til Mentor Medier. – Eg håpar dei lét Morgenbladet vera Morgenbladet, seier klubbleiar Jo T. Gaare til Medier24.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Tysdag vart det kjent at mediekonsernet NHST sel sin eigarpost på 90,8 prosent av Morgenbladet til Mentor Medier for 40 millionar kroner.

Mediekonsernet, som også eig Dagens Næringsliv, kjøpte 49 prosent av Morgenbladet-aksjane i 2012, og tok kontroll i 2016.

– Det er ikkje til å leggja skjul på at det har vore turbulente tider, seier Jo T. Gaare, klubbleiar i Morgenbladet, til Medier24.

Han peiker spesielt på då avisa måtte kutta åtte millionar kroner i fjor, som følgje av krav til avkastning i selskapet. Det skapte store interne konfliktar, og enda opp med at tidlegare sjefredaktør og administrerande direktør Anna B. Jenssen gjekk av, og vart erstatta av Sun Heidi Sæbø.

– Ser du konflikten i samanheng med NHST-eigarskapet?

– Ja. Det kom eit høgt marginkrav som gjorde at me måtte spara mykje pengar. Det var noko som var heilt nytt for oss, og både førte til, og eskalerte, konflikten, seier han.

No blir avisa ein del av eit mediekonsern som eig Vårt Land og Dagsavisen, begge to meiningsberande aviser avhengig av pressestøtte.

– Me kjenner ikkje Mentor Medier så godt, men me tykkjer det er spanande. Dei ser ut til å forstå Morgenbladet sin eigenart, og verkar interessert i å halda oss som ei sjølvstendig avis. Det er viktig at dei lèt Morgenbladet vera Morgenbladet. Me har ein kultur å ta vare på, som er viktig for lesarane.

– Har NHST latt Morgenbladet vera Morgenbladet?

– Dei har aldri blanda seg i redaksjonelle val, så på sett og vis har dei det, men dei økonomiske krava gjer det vanskeleg å jobba i slike konsern. Me er ei pressestøtta avis, som ikkje ville overlevd utan. Å ha eit kjempeoverskot då, er ganske rart.

Fleire kjelder Medier24 snakka med i fjor haust peikte på ein kulturkrasj mellom Morgenbladet og NHST som ein del av konflikten. Kjenner du deg att i det?

– Me er glad for å koma inn i eit selskap med meiningsberande aviser, med ein kultur me kan kjenna oss meir att i, samanlikna med NHST-kulturen, som er meir næringslivsretta. NHST eig ulike aviser, og me er nok dei som peiker oss mest ut, seier Gaare.

Powered by Labrador CMS