TV 2-Børslid: – Folk er spente, nervøse, og fryktar det verste
Skjebnetimar for TV 2 når dei skal by på Premier League-rettane onsdag. – Det er levebrødet og lidenskapen til folk, seier TV 2 sitt PL-anker Jan-Henrik Børslid til Medier24.
– Det er vanskeleg å sjå føre seg å ikkje gjera dette lenger. Det betyr veldig mykje. Dei som jobbar med dette har ein lidenskap for det, og det trur eg publikummet også kan kjenna seg igjen i.
Det seier TV 2 sitt Premier League-anker, Jan Henrik Børslid, til Medier24.
Tv-kamp
Onsdag starta den første bodrunden for dei norske Premier League-rettane, skriv Dagens Næringsliv onsdag morgon. Det får også Medier24 stadfesta av kjelder.
TV 2 har rettane til Premier League i to år til. Kjelder fortel til at det no er opna for å by på både tre- og seksårige PL-avtalar. Det betyr at kanalen kan enda opp med å seia frå seg verdas mest populære fotball-rett anten frå 2022, 2025 eller 2028.
Det gjer Børslid nervøs.
– Eg har visst om det ei stund no, og me er sjølvsagt spente. Det er alle som jobbar i TV 2, og spesielt dei som jobbar i sporten og dedikert med Premier League.
– Etter å ha jobba i PL-studio i sju år er eg blitt vant til det, men det er lite me kan gjera anna enn å venta ei avklaring, seier han vidare.
Kjelder tett på bransjen peiker på TV 3-eigar NENT som den største konkurrenten for TV 2. Ifølgje Medier24 sine kjelder kan kanalen få ei avklaring allereie i løpet av onsdagen, dersom Premier League vel å gå inn i eksklusive forhandlingar med bodgjevarar som stiller finansielt sterkare enn TV 2.
Ei sentral kjelde i TV 2 sin sportsredaksjon fortel at det kan bety oppseiingar i kanalen dersom rettane glepp. Kanalen har eit omfattande apparat som jobbar journalistisk og teknisk med Premier League-rundane, som går kva helg frå mai til august.
Kjenslemessig karusell
I eit intervju med Medier24 for eit år sidan fortalde Børslid om då han var sikker på at TV 2 skulle miste rettane til Premier League tilbake i 2015.
– Eg hugsar eg var nede i treningsrommet den dagen avgjersla skulle takast, og eg venta berre på at giljotinen skulle falle ned, kappe av meg knotten og så var eg ferdig med det. Eg må innrømme at eg tenkte «kva gjer eg no»? sa Børslid då Medier24 møtte han på Media City Bergen i fjor.
Det har gått fire og eit halvt år sidan skjebnedagen i 2015, men kjenslene er stadig dei same når tv-kampen først dukkar opp.
– Det er ein kjenslemessig karusell, og du kjenner på det. No kom det litt brått på, uventa, tidlegare enn elles – men når det først er det, er kjensla den same, seier han.
Fryktar ikkje jobben
Han vedgår at det blir tungt å svelga dersom rettane forsvinn frå Media City Bergen.
– Det er levebrødet og lidenskapen til folk. Ein byggjer store deler av tilværet rundt denne jobben. Det er ingen tvil om at folk er spente, nervøse, og håpar på det beste og fryktar det verste. Slik har det vore kvar gong, seier Børslid.
– Fryktar du å miste jobben?
– Nei, eg er ikkje sett saman slik, og fryktar ikkje å mista jobben. Men eg fryktar å mista moglegheita til å jobbe med det kulaste eg har jobba med, og den største lidenskapen eg har hatt sidan eg var liten gutunge. Eg har følgt engelsk fotball sidan eg var seks år, så å få jobba med PL så lenge som eg har over lang tid føler eg meg ufatteleg heldig for.