Ferske rekneskapstal viser at den kristne tv-kanalen Visjon Norge, som i all hovudsak er finansiert av gåvmilde tv-sjåarar, reduserte inntektene frå 94,1 millionar kroner i 2017 til 86,4 millionar kroner i 2018, og dermed gjekk frå eit overskot på 700.000 kroner til eit tap på 6,1 millionar kroner i 2018.
I rekneskapen kjem det fram at 82,9 millionar kroner av omsetnaden kjem frå gåveinntekter. Det er ned frå 85,8 millionar kroner i 2017.
Selskapet sin eigenkapital har sidan 2015 krympa frå 24,1 millionar kroner til 11,5 millionar kroner ved utgangen av 2018. I årsmeldinga skriv selskapet:
«Selskapets styre ser tilbake på et aktivt godt år. Selv om vi har et underskudd i 2018.»
– Hjelp mange menneske i nød
Kanalen er eigd av stiftinga Visjonskirken, som vart skipa av styreleiar og redaktør Jan Hanvold. Det har ikkje lukkast Medier24 å nå Hanvold, som er på ferie. Heller ikkje dagleg leiar Leif Inge Sandnes har svart.
Styret skriv vidare i årsmeldinga:
«Callsenteret har vært betjent stort sett 300 dager i året, med 8 frivillige telefonvakter hver kveld. Og tatt imot og betjent rundt 100.000 telefoner og sms ifra folk som ønsker sjelesorg og forbønn. Her får Tv Visjon Norge AS hjelpe mange mennesker i nød. Og folk er takknemlig for kanalen, fordi mange ikke kan komme på gudstjenester og møter, blir Visjon Norges deres menighet».
Saka held fram under grafen.
Uteståande krav til ni Hanvold-selskap
I rekneskapsrapporten kjem det fram at kanalen har uteståande pengekrav på totalt 19 millionar kroner til ti ulike selskap, der Jan Hanvold er anten eigar, dagleg leiar eller styreleiar i ni av dei. Totalt er det 7,1 millionar kronar uteståande til selskapet Øvre Eikervei 126 as som har leigd lokale til kanalen dei siste 16 åra.
Ifølgje årsrapporten har kanalen hatt ein aktiv produksjon der 60 prosent av alt dei sende i fjor var eigenprodusert, medan 40 prosent vart produsert av deira samarbeidspartnarar. Visjon Norge ekspanderte i 2018 med sendingar på Canal Digital i Sverige, og har i tillegg etablert studio i Stockholm, står det i rekneskapsrapporten.
Kanalen sin økonomiske tilstand har vore omtalt tidlegare. NRK skreiv i oktober at TV Visjon Norge slit med økonomiske problem, og at det hadde gått ut ei melding til dei tilsette om «større inntektssvikt» og «et stort underskudd som ikke kan fortsette». Hanvold åtvara i eit internt brev om oppseiingar.
Kontrovers på kontrovers
Selskapet hadde i fjor 64 tilsette, ifølgje rekneskapen.
Dagleg leiar Leif Inge Sandnes hadde ei løn på dryge 700.000 kroner.
VG skreiv i vinter at tv-kanalen var nøydd til å flytte ut av lokalene sine innan 23. januar etter pålegg frå kommunen. Allereie i februar kunne dei flytte tilbake etter vedtak i formannskapet i Drammen, skreiv Drammens Tidende.
Visjon Norge har dei siste åra vore jamleg ute for kritikk, og spesielt haust 2016 storma det rundt tv-pastor Hanvold etter NRK sin Brennpunkt-dokumentar om korleis kanalen håvar inn pengar frå givarar som er overtydd om at tv-pastoren handlar på oppdrag frå Gud. I dokumentaren vart det hevda at Hanvold har teke ut millionar av kroner i utbytte til seg sjølv gjennom dei ulike selskapa. Hanvold klaga dokumentaren «Pengepredikanten» inn til Pressens Faglige Utvalg (PFU), utan å få medhald.