Den vesle avisa Vestavind, som dekkjer Sveio kommune i Hordaland, går i mars frå å vera éin-dagers papiravis til å bli nettavis.
Det skjer etter å ha stått på perrongen og sett det digitale toget susa forbi i ei årrekkje. Og det måtte ein vikarierande redaktør til for å ta steget.
I redaktør og dagleg leiar Irene Flatnes Haldin sitt fråver har vikar Iris Elin Ullvang kasta seg på toget, som ho sjølv beskriv det.
– Då eg søkte på jobben tykte eg det var utruleg spesielt at me ikkje hadde ei nettavis. Me føler oss litt som ein einhyrning utan ei nettavis i dagens medielandskap. Det tok ikkje lang tid før eg vart rastlaus med berre ei papiravis ein gong i veka. Me er i 2020, så eg tykte det var på tide, seier Ullvang til Medier24.
– Krevjande
Den vesle nynorsk-avisa, som vart skipa i 1986, er blant dei minste avisene i landet og éi av Landslaget for lokalaviser (LLA) sine 14 aviser som enno ikkje har blitt digitale. Dei har eit opplag på om lag 1.500, omsette i 2018 for 3.2 millionar kroner og sat igjen med 300.000 av dei.
Og med få folk er det ikkje berre-berre å driva omstilling, skal me tru den unge redaktøren, med bakgrunn frå NRK og Fædrelandsvennen.
– Me er ei veldig lita avis, med berre tre tilsette, og Sveio er ein relativt liten kommune. Likevel skal me dekkja eit stort område, og med få tilsette og vår økonomi er det krevjande å få opp ei nettavis, seier ho.
Sakna tempoet
– Kvifor tok det så lang tid å koma på nett?
– Det kan eg ikkje svara heilt på, då eg ikkje kjenner heile historikken. Men som ei lita avis går det mykje på økonomi, og då er det kanskje litt skummelt og risikabelt å ta steget. Då dei andre lokalavisene hoppa på toget, blei Vestavind igjen. No tek eg og styreleiar og hoppar på toget – ved endestasjonen. Det er absolutt på tide, og om det ikkje skjer no, skjer det aldri.
– Det blir ein aldri så liten medierevolusjon i Sveio, når de er åleine i marknaden?
– Me håpar på det. Me skal gjera så godt me kan, og håpar at sveibuen har litt tolmod når me kjem i gang og må finna ut av takten i kvardagen og korleis det fungerer. Det er krevjande å starta med nettavis i 2020, men det er både gøy og lærerikt.
– Kva ser de mest fram til med å koma på nett?
– Eg saknar tempoet. Når det «smell», og først skjer noko, er det kjekt å vera der og visa at me er der, få inn tips, og vera dei første sveibuen snur seg til. Det vil bli kjekt. Eg har sakna å snu meg rundt i stolen og gjera noko ut av ting når det skjer, med blinkande raud skrift på framsida.
La ut nyheiter på Facebook
Ullvang peiker spesielt på dagens tempo og medieverkelegheit som ei utfordring når du kjem ut éin dag i veka. Spesielt under lokalvalet i 2019 vart problemet synleg.
– Valet var veldig polarisert, og for å få ut siste nytt enda eg faktisk opp med å publisera «siste nytt»-notisar på Facebook-sida vår fordi me ikkje hadde ei nettavis.
Avisa er abonnementsfinansiert, men dei har enno ikkje bestemt seg for mykje stoff dei skal ha ope.
Ingen veg utanom, meiner organisasjon
Generalsekretær Tomas Bruvik i LLA forstår at det kan vera krevande for dei minste avisene å ta steget over til det digitale. Han meiner likevel det ikkje er andre alternativ om dei skal overleva i framtida.
– Det er ingen bønn no. Men for mange tek det tid, og et dei opp. Det har heller ikkje råd til å feila når dei er i ein posisjon med ein slik økonomi, seier Bruvik.
– For lokalsamfunnet er dette avgjerande viktig. Uansett om du er stor eller liten må du vera på nett i dag. Du må servera nyheiter kvar dag, og det er også venta. Når det skjer noko i kommunen må du få nyheita når det skjer, og du kan ikkje lesa om noko på papir som skjedde for seks dagar sidan, legg han til.
Bruvik peiker på at avisene etter kvart blir slått av sosiale medium.
– Det går ikkje, uansett kor langt ute ein er i distrikta, seier han.
– Og de oppmodar medlemmene dykkar til å komma seg på nett?
– Me seier dei må – sjølv om det tek tid. Det er langt meir krevjande enn for dei som er i konsern. Du får alt servert, men desse har gjerne ti ulike leverandørar å forholda seg til.