Nedbemanning i Nationen: – Ingen hyggeleg situasjon, seier klubbleiar

Sjefredaktør Irene Halvorsen vil ikkje seia noko om kor mykje som skal kuttast. – Det får prosessen visa, seier ho.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Onsdag hadde Nationen allmøte kor det vart informert om at avisa er nøydd til å kutta kostnader.

– Me har hatt eit allmøte kor me har informert om at Nationen har vedteke behov for omstilling, og så har me orientert dei tilsette om kva det inneber, seier sjefredaktør Irene Halvorsen til Medier24.

– Kva inneber det?

– Me vil gå inn i drøftingar med klubben for å sjå om me kan bli samd om nedbemanning ved sluttpakkar.

– Klubben er konstruktivt kritiske

Vidare peiker ho på ei lang rekkje utfordringar Nationen står overfor.

– Inntektssida er meir usikker enn før, i tillegg til at utgiftene aukar.

Sjefredaktør i Nationen, Irene Halvorsen.

Halvorsen peiker på auka distribusjonskostnader, mindre i pressestøtte og endringar i postlova.

Ho vil ikkje seia noko om kor mykje dei må kutta med.

– Det får prosessen visa.

– Korleis reagerte dei tilsette?

– Dei er konstruktivt kritiske, og det er veldig bra.

Deler bekymringa

Klubbleiar Sivert Rossing er innforstått med at det er behov for kutt med dagens økonomiske situasjon.

– Det er naturlegvis ingen hyggeleg situasjon å vera i. Det er ingen redaksjonar som ynskjer seg nedbemanning, men me har vore involvert i ein prosess dei siste vekene og deler leiinga si skildring av verkelegheita, seier han til Medier24.

Sivert Rossing, klubbleiar og politisk journalist i Nationen.

– Fryktar de med frivillige sluttpakkar å mista viktige nøkkelpersonar?

– Vedtaket, så vidt eg hugsar, legg det opp til at leiinga reserverer seg mot at kritisk kompetanse ikkje får innvilga sluttpakkar.

Dei har ikkje fått noko klart svar på kor mange som må gå.

– Men ei handfull vil vera eit stort inngrep i ein relativt liten redaksjon, seier han.

Mindre pressestøtte

Styreleiar Kjell Steinar Rakkenes har ikkje svart Medier24 sine førespurnadar onsdag.

Nationen er eigd av TUN Media, og leverte i 2018 eit sterkt resultat med ein driftsmargin på nesten ni prosent. Førre veke vart det kjent at avisa vil få fem prosent mindre – ein dryg million – i pressestøtte enn i fjor.

Medier24 skreiv alt i oktober at det kunne gå mot nedbemanning i Nationen.

Powered by Labrador CMS