37 prosent av Nationen-opplaget vert råka av postlova: – Veldig krevjande, seier sjefredaktør Irene Halvorsen

Ny postlov og omprioritering i mediestøtta til fordel for lokalavisene kan koste dyrt for aviser som Nationen og Vårt Land.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

I mediestøttemeldinga står det at mediestøtta leggje til rette for lokalmedium i heile landet, og at ein soleis skal unngå dei sokalla «kvite flekkane» geografisk, ved å sørgje for omfordeling til små, lokale aviser.

Det vil bety mindre pengar i støtte til dei media som tek imot mest støtte i dag.

 

Postombering

– Lokalavisene er «lim og lupe» i lokalsamfunna og er ein viktig del av det norske mediemangfaldet. Men det er den store breidda av medium i Norge, geografisk, tematisk og politiske, som er avgjerande for ytringsfridommen og demokratiet, sa Irene Halvorsen, sjefredaktør i Nationen, på måndagens stortingshøyring om mediestøttemeldinga.

Ho meiner at det kan oppstå nye kvite flekkar på mediekartet når Kulturdepartementet forsøkjer å motarbeide dei geografisk kvite flekkane.

I tillegg vil ei endring i postomberinga til 2,5 dagar i snitt hardt råke opplaget til distriktsavisa. Får samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) det som han vil, trer endringane i kraft 1. juli 2020.

 

– Jobbar intenst digitalt

Ifølgje Halvorsen vil det gå utover 37 prosent av opplaget deira.

Sjefredaktør i Nationen, Irene Halvorsen.

– Det er klart at kombinasjonen av desse reformene oppå kvarandre gjer dette veldig krevjande. Det er vanskeleg per no å vere veldig konkret på mediestøttemeldinga, men når det gjeld postlova veit me at 37 prosent av opplaget vårt vert råka, seier Halvorsen, og legg til:

– Me vil jobbe intenst med å få med oss flest mogleg av dei lesarane vidare.

Ho meiner nøkkelen for Nationen vert å få digital distribusjon når posten avgrensar den fysiske distribusjonen.

– Me jobbar intenst med digitalisering av Nationen sitt innhald på ulike plattformer og tilbod. No har me lansert ein app som er blant Norges beste, seier ho.

Sidan 2016 har Nationen gått frå å ha 54 prosent digitale brukarar til 97 prosent digitale brukarar.

– Men alle veit at det er stor skilnad på å ha ein digital brukar og å faktisk bruke den, seier ho.

 

– Ingen djup analyse

Trond Giske i Arbeidarpartiet under stortingshøyring om mediestøttemeldinga måndag 6. mai.

Trond Giske, mediepolitisk talsperson i Arbeidarpartiet, har sidan lansering av mediestøttemeldinga vore sterkt kritisk, og meiner den i liten grad svarar på sentrale problemstillingar bransjen står overfor.

Han ser med alvor på situasjonen til dei meiningsberande avisene.

– For Nationen og Vårt Land er det ganske dramatisk. Spesielt for Nationen. Mange av deira lesarar vert nådd via posten, seier han.

– Dette er ei mediestøttemelding som flikkar litt på systemet me har i dag, og det er ingen djupare analysar om overordna utviklingstrekk i mediebransjen. Me fekk i dag (måndag, journ. anm.) høyre av fleire høyringsinstansar at det ikkje stikk djupt nok, seier Giske.

Mediepolitisk talsperson i Høgre, Tage Pettersen.

 

Forstår frykta

Mediepolitisk talsperson i Høgre, Tage Pettersen, har fått ansvar for mediestøttemeldinga på Stortinget. Til Medier24 seier han:

– Det er i så fall kombinasjonen av omfordeling av mediestøtta og postlova som gjer dette krevjande for aviser som Nationen og Vårt Land, seier han.

– Eg forstår at dei fryktar omlegginga av pressestøtta, kombinert med endring i postlova. Difor har regjeringa sagt at deler av innsparingane i nedlegging av lisenskontoret i Mo skal inn i ei overgangsfase for å gi dei nasjonale nisjeavisene eit tidsvindauge for at dei kan kome seg gjennom ei god omstilling. Slik sett trur eg dei skal få verkemiddel for å leve godt i overgangsalderen, seier han.

Powered by Labrador CMS