– Alle er på sosiale medium, men ein deler ikkje lenger. Chat-funksjonen går opp, og det vesle me deler, deler me ikkje med alle. Meir og meir skjer privat, sa Nathalie Eyde Warembourg på Social Media Days i Oslo Kongressenter tysdag føremiddag.
Ho er Country Manager i marknadsanalyseselskapet IPSOS.
– «Heavy users» er kvinner 18-29 år. Dei er lojale, og brukar det kvar dag – like mykje som før – ifølgje våre tal, sa ho vidare. Dette er funn etter å ha spørt 6.000 personar over 18 år i heile landet.
Færre ser tv
Etter tal frå Kantar Medias Interbuss-undersøking frå desember kunne marknadsdirektør Ingvar Sandvik slå fast at Facebook på rekordtid hadde blitt eit «gamlismedium».
Det er ikkje Eyde Warembourg einig i.
– Facebook er ikkje eit gamlismedium, men brukarane vert eldre, og vert vald bort av ungdommen.
Medan tv-tittinga går ned, er IPSOS tydelege på at streaming vert ein stadig viktigare del for nordmenn.
– Færre ser på lineær-tv, men 21 prosent av nordmenn strøymer kvar dag. Det veks stadig raskare.
Favorittkanalen
Det som likevel vekkja mest entusiasme hos Eyde Warembourg er podkast-lytting, som har vore i sterkt vekst dei siste åra.
– Mange har spurt om 2019 er året for podkast, og i dag kan me seie at om lag 1,3 millionar nordmenn lyttar til podkast månadleg. I første kvartal 2017 var det tale 24 prosent.
– 2019 er året for podkast! Det er min favorittkanal, sa ho.
Ifølgje IPSOS siste rapport er 56 prosent av podkastlyttarane menn, med ei overvekt av folk i byar.
– I tillegg er det ofte folk med utdanning og høg inntekt, sa ho vidare. Og så har me unge, 18-29, som lyttar til podkast.
– Det bør pirre dykkar nysgjerrigheit, sa ho vidare.
– Humor er det folk lyttar mest til. Det er heilt på topp i Norge, sa ho avslutningsvis.