Statsminister Erna Solberg (H) og helseminister Bent Høie (H) orienterte om nye tiltak for å bekjempa koronaviruset. Helsedirektør Bjørn Guldvog og direktør i Folkehelseinstituttet Camilla Stoltenberg var også til stades.Lise Åserud / NTB scanpix
Korona-avslag på innsynskravet? Slik klagar du på behandlinga
– Dei kan beint fram ikkje bryta lova fordi ein står i ein spesiell situasjon, seier Tron Strand, leiar av Pressens offentlighetsutvalg.
Ei rekkje statlege og kommunale etatar har den siste månaden varsla forseinka eller manglande behandling av innsynskrav som følgje av koronakrisa.
«Ulovleg inngrep i ytringsfridomen»
Det slår Norsk Presseforbund hardt ned på. No har Offentlighetsutvalget, leia av journalist Tron Strand i Bergens Tidende, laga eit utkast til klage.
– Me har fått mange førespurnader og opplysingar om at ulike statlege og kommunale anten ikkje vill behandla innsynskrav i det heile teke eller at det vil ta betydeleg lengre tid enn vanleg, seier Strand til Medier24.
«Tilbakeholdelse av informasjon kan være i strid med Grunnloven og et ulovlig inngrep i ytringsfriheten», står det mellom anna.
– Dei kan beint fram ikkje bryta lova fordi ein står i ein spesiell situasjon, seier Strand.
– Dette er eit stort problem. Det er ikkje lovheimel for å sjå bort frå eller utsetja på denne måten. Då meiner me det bør klagast, legg han til.
Viktig å kikka i korta
– Er inntrykket at forvaltninga meiner dette er ein ok praksis?
– Det må det jo vera. No har me ikkje snakka med forvaltninga og gjort djupe undersøkingar om kvifor dei meiner dette er heilt ok, men for oss er det veldig viktig å minna om at dette ikkje er i tråd med lova. Ein skal behandla innsynskrav. Og så har mellom anna Sivilombudsmannnen tolka regelverket gjennom ei rekkje ulike saker oppgjennom åra og kome fram til kva som er akseptabel tidsbruk på behandling.
BT-journalisten meiner det er mange grunnar til at media skal få løpande innsyn i kva staten gjer i ein situasjon som dette.
– Det er mange forhold som kan, bør og må belysast her. Det blir drive journalistikk kvar einaste dag på ulike verknader av koronakrisa og arbeidet som blir gjort av statsforvaltninga, og det er utruleg viktig at regjeringa blir kikka i korta i ein slik situasjon, når stortinget har gjeve regjeringa høvet til å innføra reglar som går forbi den ordinære avgjerdsprosessen i eit demokrati, seier han.
Medier24 intervjua førre veke vakthavande pressevakt ved Oslo universitetssjukehus (OUS), Anders Bayer, om problemstillinga knytt til innsynskrav i krisetid.
– Eg har forståing for media sitt behov for å gå etter mange viktige sider ved handteringa av situasjonen rundt Covid-19-pandemien. Men er ikkje dette noko som kan venta til e får tilbake pusten? Er det samfunnsberande at vår leiing, vår kriseleiing og våre leiande sjukepleiarar og legar no må leggja kritiske arbeidsoppgåver til side for å svara ut omfattande innsynskrav frå ivrige journalistar? Eller det som i praksis skjer, jobba endå fleire timar utover kveld og natt framfor å kvila, vareta familie og eiga helse? I tillegg til pågangen av alvorleg sjuke og smittsame koronapasientar må me også stelle oss til eige sjukefråvær og ein situasjon der over 1.400 tilsette er i karantene, sa han.
– Kan ikkje bestemma på eiga hand
Vidare peiker han på at det også er viktig å undersøka og ha eit kritisk blikk på kvifor styresmaktene gjer som dei var, og kor førebudde dei var på pandemien.
– Sette dei i gang i tide, eller for seint? Det er veldig mange forhold det er viktig å halda auga med, avdekkja og granska. Utan innsyn mistar du svært mange moglegheiter å dokumentera ulike forhold. Då står du igjen med munnlege kjelder, og det er ofte ikkje nok når du skal drdiva kritisk- eller dokumentarjournalistikk.
– Men har dei eit poeng i at dette kan granskast først når ting har lagt seg, og dei har ressursar til å behandla alle krava?
– Ege trur ikkje så stor del av befolkninga er sjukemeld at det ikkje er tid til å behandla den type saker. Eg har ikkje forståing for det. Om dei meiner det, må dei be om heimel til det. Dei kan ikkje bestemma det på eiga hand.