Oslo Børs med grønne.

Økonominytt var god butikk i 2018: No vil TDN Finans veksa vidare

– Me ser heile tida etter nye moglegheiter og nye marknader, seier finansdirektør Max Hofer i Infront, som eig nyheitsbyrået TDN Finans.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Rekneskapen for 2018 viser at TDN Finans, som leverer nyheiter om og for den norske finansmarknaden, hadde svært positiv resultatutvikling i selskapet frå 2017 til 2018.

Selskapet sine sju tilsette omsette totalt for 10,1 millionar kroner, og fekk eit driftsresultat på 2,2 millionar kroner. Det gir ein driftsmargin på 22,6 prosent.

– Me er definitivt nøgd med utviklinga i TDN Finans, og me ser gode moglegheiter for vidare vekst framover. Me har eit godt team på plass, så me tenkjer at me kan utvikle byrået vidare på ein god måte, seier Max Hofer til Medier24. Han er finansdirektør i morselskapet Infront.

Saka held fram under tabellen.

TDN Finans 2018 2017 Endring
Omsetning 10,069,004 9,346,230 7.2 %
Driftsresultat 2,274,820 270,792 88.1 %
Resultat før skatt 2,286,680 248,781 89.1 %
       
Driftsmargin 22.6 % 2.9 % 87.2 %

 

Var eigd av NHST

Redaksjonen består av fem journalistar og redaktør Sjur Haustveit.

Byrået er eigd av finansteknologiselskapet Infront, og har meklarhus og investorar som sine hovudkundar. Dei leverer òg nyheitsmeldingar til kundar som E24, Dagens Næringsliv og Hegnar Media.

– Ser de eit større kundepotensial i mediebransjen enn det de har no?

– Me ser heile tida etter nye moglegheiter og nye marknader. I mediebransjen er det eit inntektspress og spørsmål om kven som har betalingsvilje. Ein får ganske mykje nyheiter gratis, samstundes som det er nokre som har behov for meir oppdaterte og raske nyheiter, seier Hofer, og legg til:

– Det er sjølvsagt framleis eit segment der ute som set pris på finansnyheiter som er betre enn gratisnyheiter på nett.

TDN Finans vart skipa i 1989, og var eigd av Dagens Næringsliv-eigar NHST frå 1995, til dei selde selskapet til Infront i 2016 for ein gevinst på 19 millionar kroner, ifølgje DN.

Samarbeid

Redaksjonen samarbeider med Nyhetsbyrån Direkt i Sverige, Ritzau Finans i Danmark og Bloomberg News.

– Me har ein del idear om nye produkt me skal lansere i løpet av 2019. I tillegg ser me på korleis våre partnarar kan byggje verdifulle, og nye, inntektskjelder, seier Hofer.

– Kva produkt er det snakk om?

– Eg kan ikkje seie så mykje meir enn det eg har sagt. Det er i utviklingsfase, men det vert spanande. Vårt samarbeidsselskap Nyhetsbyrån Direkt har allereie rulla ut eine tenesta som går ut på å hjelpe mindre selskap med marknadskommunikasjon og å få ut deira nyheiter, seier han.

Powered by Labrador CMS