– Det finst ingen «quick fix» for VG, seier den rutinerte pressemannen og no First House-partnar Hans-Christian Vadseth.
Det har storma rundt VG, leiinga og journalist Lars Joakim Skarvøy etter at Sofie (27) sto fram hos TV 2 førre onsdag om korleis ho opplevde sitt møte med VG og Skarvøy i samband med den famøse dansevideoen med Trond Giske på Bar Vulkan i februar.
Sofie meiner seg feilsitert av VG, og opplevde møtet med Trond Giske uproblematisk. VG har sidan 4. mars granska saka, og er venta å leggje fram ein offentleg rapport med deira versjon i løpet av veka. VG har offentleg beklaga overfor kvinna og Trond Giske, men har ikkje kommentert granskinga i detalj.
Tysdag kunne Medier24 fortelje at heile 41,5 prosent stolar i svært liten, eller liten, grad på VGs politiske journalistikk.
– Den målinga viser at VG står i ein svært krevjande situasjon, seier Hans-Christian Vadseth til Medier24.
Fakta om undersøkinga:
Gjennomført av InFact, 25. mars 2019
1.008 intervju av personar over 18 år
Feilmargin på maksimalt 3 prosent
Same undersøking, gjort av InFact for Medier24 måndag, viser at 23,5 prosent av dei spurte meiner både sjefredaktør i VG, Gard Steiro, og journalist Lars Joakim Skarvøy, må gå, for å gjenvinne tilliten til avisa.
Vadseth er tidlegare sjefredaktør i Fædrelandsvennen, mangeårig journalist i Sunnmørsposten, Dagbladet, VG og var i tillegg nyheitsredaktør i VG frå 2000 til 2006.
Tre utfordringar
Han skisserer opp tre hovudutfordringar for VG:
– Det eine er at dei har valt å gjere ei interngransking, heller enn å setje i verk ei eksterngransking. Dersom nyheitsredaktør skal vurdere handlingane til sin overordna redaktør, og dei vel å gjere dette utan bruk av eksterne ressursar, så er det ei risiko for at resultatet ikkje har den autoriteten dei treng at den har, seier Vadseth til Medier24.
– Det andre er at granskinga som no går føre seg er for snever i forhold til det som er det opplevde problemet. Her kan det bli reist spørsmål til om dette er ein kultur og rutine- og systemsvikt i VG, som er større enn Lars Joakim Skarvøy i ei konkret sak, legg han til.
– Den tredje utfordringa er at VG no står riven mellom offentlegheita si ynskje om ei rask avklaring og sitt eige krav om ein god gjennomgang – og at kravet om raske svar ikkje lèt seg innfri. Då møter dei seg sjølv i døra, for dette er dei krava dei meine er legitime å stille overfor andre i krisesituasjonar, seier Vadseth.
Tre av ti veit ikkje
Heile 27,6 prosent meiner avisa vil vinne tilbake igjen tilliten over tid, medan 31,6 prosent har svart at dei ikkje veit.
Berre seks prosent meiner at Steiro bør forlate avisa åleine, medan 11,2 prosent tykkjer Skarvøy bør gå frå VG.
Det er utviklingsredaktør Ola Stenberg i VG som har fått i oppgåve å svare media i samband med saka som no vert granska. I ein sms til Medier24 skriv han:
«Som Norges største nyhetsformidler er tillit helt avgjørende for VG.
Vi skal gjenvinne den tilliten vi eventuelt har mistet hos enkelte med god journalistikk. De siste årene har vi gjentatte ganger lyktes med å avsløre kritikkverdige forhold i samfunnet. Det skal vi fortsette med.
Og i takt med det er vi helt sikker på at tillit følger etter.»
Variasjon mellom kjønn
Det er likevel store sprik i svara mellom menn og kvinner, og undersøkinga viser at heile 32 prosent meiner at både Steiro og Skarvøy må gå, medan berre 14 prosent av kvinnene meiner det same.
Heile 39 prosent av kvinnene har svart «veit ikkje», medan 23 prosent av mennene har svart det same.
– Omdømmetap vert ofte overdrive
First House-rådgjevar Vadseth ynskjer ikkje sjølv å ha sterke meiner om kva VG bør gjera, og legg vekt på at konklusjonen i granskinga bør bli førande for vidare konsekvensar.
– Me som er på utsida har ingen føresetnadar for å meine noko om konsekvensar. Det må vere basert på resultat av det som kjem fram i granskinga, seier han.
Han seier vidare at eit omdømmetap kan vere enklare å reparere enn ein trur når ein står midt i det.
– Omdømmetap vert ofte overdrive når ein står i ei konkret sak. Men det finst ingen «quick fix» for VG. Det dei no tener på er å gjere dei naudsynte tiltaka basert på det som kjem fram, og så må dei framover vere opnare og tydelegare om feil og manglar ved journalistikken. Over tid må dei byggje opp tilliten som eventuelt måtte vere tapt, seier han.
Han trur VG-leiinga no får sjå korleis det er å stå på motsett side – når det er dei sjølv som driv kritisk journalistikk.
– VG kjenner nok på ting som dei som vert utsett for journalistikk i krevjande situasjonar er velkjente med. No kjenner VG på det å bli gjenstand for journalistikk, der eg trur dei opplever nyansane, og for dei viktige detaljar, forsvinn i dekninga, seier han.