Dagleg leiar i Hitra-Frøya, Stein Olav Sivertsen.

Hitra-Frøya med godt 2018: Driftsmargin på 15 prosent

Generasjonsskifte og utbyttefest i den vesle lokalavisa.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Lokalavisa i Nord-Trøndelag omsette i fjor for 16 millionar kroner, opp frå 15,3 millionar kroner året før. Eit resultat på 2,4 millionar kroner gir ein driftsmargin på 15,2 prosent.

Det er ein solid oppgang frå 2017-resultate som gav eit resultat på 1,7 millionar kroner og driftsmargin på 11,1 prosent.

Avisa held opplaget stabilt på kring 4.000, som har vore nivået dei siste fem åra. Dei har ikkje gått i minus ett år dei siste 20 åra, og har ein bokført eigenkapital på ti millionar kroner.

«2018 var et år med generasjonsskifte i familiebedriften Hitra-Frøya lokalavis as som Svend Sivertsen startet for over 45 år siden. Avisa er i alle år drevet meget rasjonelt og gitt solid resultat hvert eneste år. Positiv abonnementsutvikling har gitt nye digitale inntekter og avisa ser lyst på framtida», skriv dagleg leiar Stein Olav Sivertsen i ein e-post til Medier24.

Sivertsen auka løna si frå 799.490 kroner i 2017 til 887.900 kroner i 2018.

Selskapet har i tillegg sett av 14 millionar kroner i utbytte til eigarane Polaris Media, Kyst Media og Svend Ingar Sivertsen som eig høvesvis 49, 41 og 10 prosent kvar.

«I samband med generasjonsskifte og salg av aksjer ble det tatt et ekstraordinært utbytte i 2018 på 14 mill.kroner», skriv Sivertsen vidare.

Avisa hadde ved årsskiftet 9,4 årsverk.

Hitra-Frøya vert gitt ut i Fillan i Hitra kommune kvar tysdag og fredag. Avisa dekkjer, som namnet tyder, kommunane Hitra og Frøya.

Powered by Labrador CMS