Hausten 2018 var siste semester med sportsjournalistikk på journalistikkutdanninga på OsloMet.
Det skjer etter ei revidering av emneporteføljen på den tradisjonsrike journalistikkutdanninga i Oslo, som gjer at alle emne om temabasert journalistikk går ut av programmet.
– Det var ei prinsipiell avgjersle der me ynskja oss emner som i større grad utvikla journalistikken som fag, og ikkje etter tema. Me hadde både kultur, politikk, og sport, seier instituttleiar Steen Steensen ved OsloMet til Medier24.
No er utdanninga meir retta mot journalistikk som profesjon og fag. Steensen meiner at dersom du vil god på eit spesifikt område, er du nøydd til å ta ei tilleggsutdanninga – og ikkje berre eit emne i temaet.
– Det er grenser for kva som er mogleg å få til av spesialisering i ei treårig bachelorutdanning, seier han.
15 studentar i Kristiansand
Sportsjournalistikk-emnet gjekk stort sett på engelsk, og det var ein overvekt av internasjonale studentar som søkte seg til emnet, seier Steensen. Det var likevel blant dei emna som tiltrekte seg størst del norske studentar samanlikna med dei andre.
Ein gjennomgang Medier24 har gjort av dei andre journalistikkutdanningane på høvesvis Høgskulen i Volda, Universitetet i Stavanger, Universitetet i Bergen, NLA Høgskolen og Høyskolen Kristiana, viser at det berre er NLA i Kristiansand som no har sportsjournalistikk som valfritt emne.
Avdelingsleiar Hilde Kristin Dahlstrøm ved journalistikk på NLA Mediehøgskolen Gimlekollen fortel om stor interesse for sportsjournalistikk lokalt.
– I haust er det 15 studentar som tek det, seier ho til Medier24.
– Veldig uheldig
Leiar Reidar Sollie i Norske Sportsjournalisters Forbund (NSF) meiner det er synd at det berre er éin utdanningsinstitusjon igjen som tilbyr sport som emne.
– Det er veldig uheldig. Sport er inngangen til veldig mange i journalistikken. Mange startar der, og går vidare eller blir verande, seier han til Medier24.
– Sport er eit samfunnsområde med mange sjangrar om område. Difor er det veldig uheldig at emnet forsvinn. Dette er ikkje berre sport – men økonomi, kriminalitet og doping, held han fram.
– Skal dekkjast kritisk
Programansvarleg Jan Arne Ytrehorn ved Høgskulen i Volda seier til Medier24 at fleire studentar vel å bruke praksisperioden sin på sport, og at dei årleg dekkjer ulike lokale idrettsarrangement som ein del av utdanninga.
– Sporten går inn i den vanlege journalistikkundervisninga, seier Ytrehorn.
Han legg til:
– Me fokuserer på at sport òg skal kunna dekkjast med vanleg, kritisk, journalistikk, og ikkje berre refererande.