Haugesund sjukehus.

Desse seks vil bli kommunikasjonssjef i Helse Fonna: Redaktør på søkjarlista

Her er heile søkjarlista.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Onsdag skriv både Stord24 og Sunnhordland at redaktør i sistnemnde avis, Magne Kydland, har søkt jobben som kommunikasjonssjef i Helse Fonna.

Helse Fonna HF administrerer sjukehus og institusjonar i Haugaland, Sunnhordland og deler av Hardanger, og er underlagt Helse Vest.

Dei to lokalavisene har begge fått innsyn i søkjarlista som tel seks personar.

Der finn ein både ein journalist, ein redaktør og kommunikasjonsrådgjevarar.

Her er heile søkjarlista, ifølgje Stord24 og Sunnhordland:

  • Magne Kydland (49), redaktør, Stord
  • Anders Brekke (36), vaktsjef, Oslo
  • Birgitte Velde (41), kommunikasjonsrådgjevar, Haugesund
  • Peter Tubaas (46), kommunikasjonsrådgjevar, Haugesund
  • Svein Roger Koppang (38), tillitsvald, Stord
  • Nadia Serine Jemli (26), personleg assistent, Haugesund
Powered by Labrador CMS