Kringkastingsrådet:

Selbekk om porno-vinklinga til NRK: – Nesten parodisk

NRK sin artikkel om KrF-politikar Gjermund Øystese si fortid som «pornoavhengig» får hard medfart. Kringkastingsrådet er glad NRK tek sjølvkritikk.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Den 31. januar publiserte NRK artikkelen «KrF-ministerens nye rådgivar var avhengig av porno som 17-åring», om at KrF-politikar og utviklingsminister Dag Inge Ulstein sin nye rådgjevar Gjermund Øystese var tidlegare pornoavhengig.

Dei refererte til eit intervju Øystese gjorde med iTro i 2017, kor han fortalde at han som 17-åring var pornoavhengig. 

Vinklinga til NRK skapte sterke reaksjonar, og resulterte i heile 74 klager til Kringkastingsrådet. 

Nyheitsredaktør i NRK, Helje Solberg, innleier følgjande om artikkelen i Kringkastingsrådet torsdag morgon:

Helje Solberg, NRK.

– Eg har forståing for kritikken. Me trefte ikkje godt nok i ordval, og i vinklinga av saka. Me fekk ikkje godt nok fram i tittel og ingress om at det er ei historie som strekk seg mange år tilbake i tid, seier ho.

«Useriøs klikk-journalistikk»

Ein klagar skriv mellom anna:

«Den orginale artikkelen vitner ikke om noen form for perspektiv på at Øystese kan vise seg å være en moden og modig ung mann, som våger å stå frem med en personlig utfordring, og ønsker å hjelpe andre. Jeg kan ikke la være å bli skuffet over at NRK så altfor raskt hopper på en vinkling som er "click-bait"-preget, hvor ordparene KrF og sex/porno, lyser mot oss. Her bommet dere stort!»

Ein annan klagar skriv som følgjande:

«NRKs journalister driver useriøs klikk-journalistikk når de foretar det veldig spesifikke valget av å fremheve Gjermund Øysteses bakgrunn som tidligere pornoavhengig forut for oppstarten i hans nåværende jobb som politisk rådgiver for utviklingsministeren, og går langt i å antyde at det påvirker hans kompetanse til å være med på å utforme Norges utviklingsarbeid».

– Bra de tek sjølvkritikk

Dagen-redaktør og medlem i Kringkastingsrådet, Vebjørn Selbekk, er einig i at det er ei relevant sak, men at framstillinga vart feil.

– Eg tykkjer det er heilt greitt at ein tek opp forhistorie til ein politisk rådgjevar, og eg forstår òg at ein i denne saka ser det eksotiske i det erotiske. Men det var framstillinga av saka som eg meiner vart nesten parodisk-humoristisk. Når ein kopla det med statsråden som skal ha vore sexolog, høyrdest det ut som det var veldig spanande ting som skulle føregå i den politiske leiinga i det departementet.

– Det tok de sjølvkritikk på, og endra saka. Det er veldig bra, legg han til.

Julie Brodtkorb, leiar av Kringkastingsrådet, kom med sitt perspektiv avslutningsvis:

Rådsleiar Julie Brodtkorb (H) under møtet i Kringkastingsrådet i NRK-bygget på Marienlyst i Oslo i fjor. Her med kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen.

– Me ynskjer at folk skal vere opne om det ein har slite med, anten det er det ein eller det andre. Denne type vinklingar gjer at andre tenkjer seg om mange gongar før ein står fram med ting som er vanskeleg i livet. Eg er glad me ser det perspektivet i det heile.

Powered by Labrador CMS