Skjermdump fra Resett-saken og redaksjonssjef Lars Akerhaug i Resett.Skjermdump og Ole Alexander Saue
«Vy med hijab-uniform», skreiv Resett – og sette feilaktig NTB som forfattar
Lars Akerhaug og Resett publiserte sin eigen sak og sette NTB på byline. No beklagar dei feilen. – Veldig alvorleg, seier nyheitsredaktør Sarah Sørheim i NTB.
«På bildene fra lanseringen ser man blant annet en modell med hijab», skriv Lars Akerhaug i ei Resett-sak torsdag kveld. Han førte opp NTB som artikkelforfattar, utan at saka var frå byrået.
Vidare siterer dei Document på at «Vy legger også til rette for at uniformen kan brukes med hijab i en mørkere farge som matcher skjørt, bukse og fottøy».
– Det er ikkje vår sak dei har publisert. Eg skvatt litt då eg såg vår byline på saka, seier nyheitsredaktør Sarah Sørheim i NTB til Medier24.
Resett beklaga overfor NTB
Redaktør Helge Lurås i Resett var ikkje klar over feilen då Medier24 tok kontakt.
Den eigentlege artikkelforfattaren, redaksjonssjef Lars Akerhaug, tek ikkje telefonen når Medier24 ringer, men skriv i ein sms:
«Har ikke så mye å legge til utover at vi etter å ha blitt gjort oppmerksomme på at den ble publisert med NTB-byline umiddelbart rettet og beklaget.»
I saka står det no:
«Denne artikkelen ble først publisert med NTB som artikkelforfatter. Dette var en feil og riktig forfatter er Lars Akerhaug. Vi beklager feilen.»
Sørheim tykkjer glippen er uheldig.
– Eg fekk ei beklaging, men det er takka vere Medier24 at det vart oppdaga i dag, seier ho.
– Eg tek imot beklaginga, men det er veldig alvorleg at vår byline vert brukt feil. Likevel har eg har ingen grunn til å tru at det var gjort bevisst.
Slik var NTB si sak om Vy-uniformen:
Vy presenterer de nye uniformene
Vy presenterte i dag de nye uniformene med en grønnfarge som er matcher togene. Fra 16. desember begynner Vys medarbeidere å ta den nye uniformen i bruk.
Rundt 6.400 medarbeidere får ny uniform. Konduktører og lokførere i Norge er først ute, mens bussjåførene i Norge og tog- og bussmedarbeidere i Sverige tar i bruk uniformen etter nyttår.
Uniformene er utviklet i tett samarbeid med medarbeiderne og fagforeningene.
Vys medarbeidere kan bestille en unik dameuniform, heter det i pressemeldingen fra Vy.
NTB, 12.12.19, 11:18
Får ikkje ha kommentarfelt
Medier24 har tidlegare skrive ei rekkje saker om Resett sitt kundeforhold til NTB. Klubbleiar Grethe Brandsø i NTB sa til Medier24 at Resett låner presseetikken sitt truverd med å bruka NTB-stoff, men dåverande konstituert nyheitsredaktør Geir Terje Ruud i NTB sa likevel at er prinsipielt vanskeleg å seia nei til enkeltaktørar – så lenge dei publiserer innhaldet uendra.
I november tok dei likevel grep:
– I dialog med Resett har me bede dei om å fjerna kommentarfelt på ein del av NTB-sakene, som til dømes krim- og hendingsnyheiter, sa NTB-sjef Mads Yngve Storvik til Medier24.
Torsdagens Resett-sak hadde kommentarfelt, og har fredag ettermiddag fått 121 kommentarar.
– Eg er oppteken av at NTB-saker ikkje skal endrast på denne måten, og det skal heller ikkje vera kommentarfelt på dei, seier Sørheim.