Josimar-redaktør Håvard Melnæs.
Josimar-redaktør Håvard Melnæs.

Josimar blåser anonym kjelde: – Eg er sjokkert, seier NFF-toppen

Fotballmagasinet har publisert e-post-korrespondansen med anonym kjelde som klaga dei inn for Pressens Faglige Utvalg.

Publisert

Onsdag vart Josimar felt i Pressens Faglige Utvalg for brot på punkt 4.14 i Ver Varsam-plakaten, for manglande samtidig imøtegåing i deira kvinnemagasin-spesial frå juni 2019.

Klagar var Norges Fotballforbund ved generalsekretær Pål Bjerketvedt. Forbundet klaga magasinet inn mellom anna på grunn av manglande faktakontroll (3.2). Bjerketvedt er tidlegare mangeårig sjefredaktør i NTB.

Slaktar Norsk Presseforbund

I sitt tilsvar til PFU valde Josimar å dokumentera at det var nettopp Bjerketvedt som var kjelda til opplysingane NFF meiner ikkje var godt nok undersøkt.

Då Bjerketvedt vart blåst som kjelde i tilsvaret, bad han om å få deler av dokumenta unnateke offentlegheita. Det gjekk Norsk Presseforbund med på, og behandlinga vart også gjort bak lukka dører.

No har Josimar gått ut med alle dokumenta knytt til PFU-klaga, og rettar krass kritikk mot hemmeleghaldet til Norsk Presseforbund.

Generalsekretær Elin Floberghagen i Norsk Presseforbund. Her i samtale med Dagsavisen-redaktør Eirik Hoff Lysholm.
Generalsekretær Elin Floberghagen i Norsk Presseforbund. Her i samtale med Dagsavisen-redaktør Eirik Hoff Lysholm.

«Offentlighetsprinsippet, som norsk presse aktivt bruker mot andre samfunnsaktører, gjelder visst ikke pressens etiske domstol», skriv Josimar-redaktør Håvard Melnæs i innlegget.

«Når han (Bjerketvedt, journ.anm.) klager oss inn for PFU for å ha brukt opplysningene han selv har lekket, rir han to hester. Da har han etter vårt syn ikke lenger krav på beskyttelse fra kildevernet», skriv han vidare.

– Oppsiktsvekkjande

Bjerketvedt er sterkt kritisk til Josimar sin framferd.

– Eg tykkjer det er oppsiktsvekkjande at dei gjer dette. Om det er eitt presseetisk prinsipp som står sterkt, er det kjeldevernet. At eit medium underlagt Presseforbundet og Ver Varsam-plakaten gjer det, er mildt sagt oppsiktsvekkjande, seier han til Medier24.

– Dei meiner du mistar krav på kjeldevernet når du klagar dei inn på manglande faktakontroll, når du sjølv er kjelda. Kva tenkjer du om det?

Generalsekretær Pål Bjerketvedt i NFF
Generalsekretær Pål Bjerketvedt i NFF

– Klaga er unnateke offentlegheita, og ved oppstarten av behandlinga gjorde PFU-leiar (Alf Bjarne Johnsen, journ.anm.) det krystallklart at det ikkje skal refererast frå møtet eller behandlinga. Og spesielt ikkje den delen som er unnateke offentlegheit. Eg ynskjer ikkje å seia noko som helst om behandlinga eller dokumentet, seier Bjerketvedt.

– Eg er sjokkert, og usamd, i det dei påstår. Men det er underordna det faktum at dei faktisk bryt kjeldevernet, seier han vidare.

Dette er striden

Melnæs har ikkje svart Medier24 sine gjentekne forsøk på kontakt fredag ettermiddag.

«Viser til redegjørelse. God helg!», skriv Melnæs i ein sms til Medier24.

I si forklaring på Josimar.no skriv Melnæs:

Josimar-redaktør Håvard Melnæs.
Josimar-redaktør Håvard Melnæs.

«Pål Bjerketvedt bedriver maktmisbruk. Slik vi ser det er kildevernet ment for å avdekke maktmisbruk, ikke tildekke det.»

NFF meiner Josimar ikkje har dokumentert godt nok at NFF sin kommersielle direktør Erik Loe skal ha avvist eit tilbod frå OBOS-sjef Daniel Kjørberg Siraj om millionstøtte til norsk kvinnefotball, med grunngjevinga om at det ikkje var kommersielt interessant.

«I forkant av Josimars publisering av disse påstandene og beskyldningene, herunder med direkte gjengivelser av hva Loe skal uttalt, ble Loe ikke konfrontert med påstandene/beskyldningene og gitt anledning til å imøtegå dem», skriv NFF i si klage.

At møtet fann stad sa Siraj sjølv i eit intervju med Josimar, men Loe vart aldri kontakta for imøtegåing. Det er bakgrunnen for at magasinet vart felt for brot på punkt 4.14. PFU meiner derimot ikkje at dei har brote 3.2 for manglande faktakontroll.

Powered by Labrador CMS