Til venstre er Harry Arne Solberg, NTNU-professor. Til høgre er ein jublande Maiken Caspersen Falla.NTNU og Terje Pedersen / NTB scanpix
NTNU-professor: – NRK burde bruke pengane på andre ting enn vinteridrett
– Sutring om at ingen kan produsere som NRK er tull og tøys, seier forskar på idrettsøkonomi og forfattar av «The Economics of Sports Broadcasting», Harry Arne Solberg, til Medier24.
Torsdag kom meldinga om at NENT Group sikrar seg rettane til å sende dei nordiske medierettane til ein stor del av vinteridrettane frå Infront Sports & Media. Etter det Medier24 kjenner til skal dei ha betalt mellom 1,7-2 milliardar kroner for rettane i Norge, Sverige og Finland.
Både TV 2 og NRK måtte sjå seg slått av tv-giganten. Både Olav Sandnes i TV 2 og Thor-Gjermund Eriksen var tydeleg skuffa over å ha tapt kampen.
Harry Arne Solberg ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU) har eit heilt anna syn på saka enn kringkastingssjef Eriksen.
– Det er fornuftig at NRK gir slepp på på desse rettane no. Dei er ein kjempeviktig kanal, men dei burde bruke pengane på andre ting, seier han til Medier24.
– Eg har eigentleg berre venta på at det skulle skje. Det starta med at dei mista OL-rettane, og så har dei berre mista skanse etter skanse.
– Kjempetabbe
Solberg gav i 2007 ut boka «The Economics of Sports Broadcasting». Han er langt frå uroa over at kvaliteten på sendingane vil gå ned etter at NRK gir frå seg rettane til dei populære vinteridrettane.
– Sutring om at ingen kan produsere som NRK er tull og tøys. Live-idrett er eit homogent produkt. Det er dei er same bileta ein ser, med ulike kommentatorane. Det er ingenting som tilseier at dei er kvalitativt betre enn andre aktørar, seier han.
NENT-sjef i Norge, Vegard Klubbenes Drogseth, ynskjer ikkje enno å gå inn på korleis rettane skal forvaltast.
– Det er for tidleg å gå inn på eksakt korleis me skal formidle vinteridretten, sa han til Medier24 torsdag.
Solberg har ikkje tru på at skisporten hamnar bak betalingsmur.
– Eg er ganske sikker på at dei som har kjøpt rettane forstår at ski og langrenn ikkje eignar seg på betal-tv. Om dei legg det bak mur, gjer dei ein kjempetabbe. Det fungerer berre ikkje, seier han.
Mistar nyheitsdekning
Han meiner det berre er lagidrett som eignar seg bak mur.
– Eg har gjort forsking som viser at det berre er fotball, og kanskje ishockey, som gir suksess på betal-tv, seier han.
– Risikerer skisporten her at ein mister stor eksponering, vert mindre attraktive for sponsorar og med det mistar inntekter til sportsleg satsing?
– Ein viss nedgang i sjåarar vil eg tippe det blir. Det eine er reklamen, og det andre er at når det går på NRK og TV 2, får det veldig mykje promotering i nyheitssendingane sine. Før landskampar, til dømes, druknar jo nyheitssendingane i fordummande førehandsomtale, seier han.
– Dei håpar nok at tv-rettane veg opp for eventuelt tapte sponsorinntekter, seier han.
Solberg viser vidare til den europeiske «Listed Events»-reguleringa som er innført i Norge på mellom anna Dei olympiske leikane, fotball-EM og -VM, og internasjonale meisterskap som er populære i dei respektive landa.
Reguleringa betyr at dei oppgitte arrangementa må sendast gratis på kanalar med minst 90 prosent sjåardekning.
– Politikarane kan leggje på arrangementa dei vil. I Frankrike og Italia er høvesvis Tour de France og Giro d’Italia regulert, seier han.