Den 14. juni tikka det inn ein e-post til redaksjonen i Harstad Tidende (HT) om at administrerande direktør Mona Kristine Rosvold frå 1. juli i år og eitt år framover vil jobbe i 60 prosent stilling.
– Eg har no fylt 62 år og har behov for meir fri, seier Rosvold til Medier24 om kvifor ho hadde eit ynskje om å trappe ned.
Klubbleiar Odd Leif Andreassen i avisa er rasande over at styret har samrøystes har gått med på at avisa sin øvste leiar reduserer sin stillingsprosent med 40 prosent. Polaris-eigde HT har per i dag ein toleiarmodell med administrerande direktør Rosvold og redaktør Kjell Rune Henriksen.
– Me i klubben meiner det er heilt feil strategi av eit styre å redusere stillinga til toppleiaren, medan avisa er i ein utruleg vanskeleg og krevjande situasjon. Me tok imot meldinga med sjokk og vantru, seier Andreassen til Medier24.
Redaktør Henriksen deler ikkje bekymringa med Andreassen.
– Eg har tillit til at dette går veldig fint, utan at det svekkjer mediehuset, seier han i ein kommentar til Medier24.
– Var du kjent med misnøya frå klubben?
– Eg er ikkje kjent med styrken i kritikken. Eg er litt overraska over at du ringer meg, seier han.
Rosvold er direktør for HT sine dotteraviser Vesterålen Online, Vesterålens Avis og Andøyposten.
– Eg er toppleiar her og har ansvaret uansett. Endringane betyr litt lenger juleferie og sommarferie, elles er det «business as usual». Eg vil vere tilgjengeleg for å ta avgjersler når eg skal. Me har dyktige folk som står for drifta, seier Rosvold.
– Me er for topptunge
Når Medier24 konfronterer Andreassen med uttalen, svarar han:
– Treng ein då ein direktør? Eller er det pengar ein kunne brukt på å tilsetje nye journalistar? Me er berre om lag åtte journalistar på eit stort område, og me har alle plattformer. Me har fleire folk til å lage eit endå betre produkt. Er det greitt at pengane skal gå til ein direktør i redusert stilling i staden for toppmotiverte journalistar?
– Me er for topptunge, og har for mange leiarar. Likevel må den sitjande direktøren stå på. Det er vedkommande som er ute, skapar tillit og har dei store møta, legg han til.
– Me forventar at toppleiinga yt 110 prosent, som dei forventar av oss – og som me gjer. Direktøren har den viktigaste jobben ved å sørgje for å sikre inntekter og at alle har arbeid i åra framover, seier han.
Han er uroa for kva signal nedtrappinga til direktøren vil sende til lesarar, annonsørar og dei tilsette.
– Me har bedd om eit møte med styreleiar, og eg er spent på korleis han grunngir at dei går med på dette. Det er forståeleg at ho vil trappe ned, men er det rett å gjere det som toppleiar? spør han retorisk.
– Eg har jobba med næringslivsstoff i over 20 år og har aldri høyrd om ein toppleiar som skal jobbe i redusert stilling, legg han til.
Når Medier24 ringer Rosvold og konfronterer ho med kritikken frå klubbleiar Andreassen fortel ho at ho ikkje kjente til misnøya, og at ho ikkje ynskjer å kommentere ytterlegare.
Styreleiar: – Heilt uproblematisk
Harald Rise, styreleiar i Harstad Tidende, seier til Medier24 at avgjersla er «heilt udramatisk».
– Det var ei fornuftig og akseptabel løysing å innvilge søknaden om nedtrapping til 60 prosent stilling fram til ho går av, seier han.
Han meiner det gir det ein god moglegheit til å rekruttere ny toppleiing i Harstad Tidende og finne ein framtidig leiarmodell. Det arbeidet startar allereie etter sommaren.
– Med 1,6 årsverk i toppleiinga er me overtydd om at dette vert løyst på ein god måte, seier han.
– Er det riktig å redusere stillinga til toppleiaren i ei tid ein opplever at inntektene går nedover?
– Eg ynskjer ikkje å gå inn på ei lang vurdering på desse synspunkta. For meg er det heilt uproblematisk. Me har eigen marknadssjef i mediehuset, og me fordeler oppgåvene på ein god måte. Dette vert ei leiarutfordring for oss, men eg er ikkje uroa for at me ikkje får det til. HT er eit veldrivne mediehus på alle måtar, og er ikkje i krise.
– Andreassen spekulerer i at dette er starten på slutten for toleiarmodellen. Kva tenkjer du om leiarstrukturen framover?
– Dette vil eg sjølvsagt ikkje konkludere med på noko måte i dag. Om han er interessert i det spørsmålet der bør han ta kontakt med meg å spørje. Eg er styreleiar i mange mediehus, og kvar gong det er eit leiarskifte er det alltid ei vurdering om me skal halda fram med leiarmodellen me har. Me skal ha interne prosessar på dette, og styret avgjer kva modell me skal ha vidare.