Nationen-redaktør Irene Halvorsen og landbrukspolitisk talsperson Harald Moskvil i Miljøpartiet dei Grøne.
Nationen-redaktør Irene Halvorsen og landbrukspolitisk talsperson Harald Moskvil i Miljøpartiet dei Grøne.

MDG i strupen på Nationen: – Liknar meir og meir Senter­partiet si valkampavis

MDG meiner Nationen unngår å skrive om FN-rapport som konkluderer med at kjøtkonsumet må ned. – Beviseleg feil, svarar Nationen.

Publisert

Torsdag for halvannan veke sidan la FN sitt klimapanel fram ein ny rapport om korleis landbruk og annan arealbruk påverkar klimaendringane. Rapporten konkluderer tydeleg med at kjøtkonsumet må ned.

Det meiner Miljøpartiet dei Grøne at landbruk- og distriktsavisa Nationen ikkje tek på alvor.

– Å ikkje ha eit kritisk blikk på denne problematikken er å halda bønder som les avisa, inkludert meg sjølv, for narr. Eg forventar at eit mediehus som tek på seg rolla som næringa si eiga avis skriv om den viktigaste saka for landbruket i vår tid, seier landbrukspolitisk talsperson Harald Moskvil i Miljøpartiet dei Grøne til Medier24.

Sør-Koreanske Hoesung Lee, som leiar FN sitt klimapanel, i møte med tidlegare klima- og miljøminister Vidar Helgesen i2016. Foto
Sør-Koreanske Hoesung Lee, som leiar FN sitt klimapanel, i møte med tidlegare klima- og miljøminister Vidar Helgesen i2016. Foto

– Fortener førstesida

Moskvil er sjølv økobonde og økonom.

– Dette reagerer me kraftig på. Det er den største FN-rapporten som direkte omhandlar landbruk. Nationen presenterer seg som ei landbruksavis, og me følar at dei ikkje er interessert. Dei vil ikkje diskutere at konklusjonen i rapporten er ubehageleg.

Rett nok syner eit søk i Retriever at Nationen har omtalt FN-rapporten ved fleire høver sidan den kom ut for halvannan veke sidan.

Den 7. august sto det at kjøttforbruket må reduserast, og 9. august intervjua dei Grøn Ungdom som meinte regjeringa burde føle kjøttskam. Tre dagar seinare uttalte miljøvernminister Ola Elvestuen (V) at Norge må ete mindre kjøt, og 15. august skreiv avisa at mindre kjøt er blant tiltaka som kom fram i FN sin rapport om klima og landareal.

Skjermdump Nationen 12. august2019. Foto
Skjermdump Nationen 12. august2019. Foto

– Dei har jo skrive om rapporten?

– Legg du merke til kva side artiklane ligg på? spør han.

– Ja. Høvesvis 10, 9, 15 og 12.

– Det seier det meste. Det er det som er poenget. Det er så viktig at det fortener førstesida. Første dagen var den på side 9, og så har det ramla bakover, seier Moskvil.

 

– Spreier fordommar

Sjefredaktør Irene Halvorsen i Nationen avvisar kritikken frå Moskvil.

– Me har følgt opp ytterlegare, der me har gått inn i sjølve IPCC-rapporten for å fortelje kva, heilt konkret, FN meiner me alle må gjera med kosthaldet for å gjera landbruk og matproduksjon meir berekraftig og innanfor jordkloden si bereevne. Denne saka vart publisert digitalt 19. august, dekkjar framsida i papiravisa tysdag – 20. august – og tre sider inne i papiravisa, seier ho til Medier24.

Sjefredaktør i Nationen, Irene Halvorsen.
Sjefredaktør i Nationen, Irene Halvorsen.

Det var først på Facebook 9. august at Moskvil offentleg kritiserte avisa. Der skriv han mellom anna: «Når Nationen velger å omtale rapporten er det med et lite notis om konklusjonen til FN samt sitater fra Grønn Ungdom og Senterungdommen, hvor sistnevnte får lov til å hevde at vi ikke kan dyrke særlig med menneskemat i norske jorder uten at journalisten utfordrer henne på det.»

– Det er heilt legitimt å meine at dekninga likevel ikkje er god nok, men når han skriv det, ser det ut som om Nationen tiar denne rapporten. Det skjønnar eg at folk reagerar på. Men det er jo beviseleg ikkje sant. Innlegget hans er delt nesten 50 gongar og slik bidreg Moskvil til å spreie fordommar om Nationen. Det er dumt av ein politikar, tykkjer eg.

 

– Distriktskampanje

Landbrukspolitisk talsperson Harald Moskvil i Miljøpartiet dei Grøne.
Landbrukspolitisk talsperson Harald Moskvil i Miljøpartiet dei Grøne.

Moskvil meiner Nationen unngår å ta del i debatten.

– Me forsøkte først å komme på redaksjonelt, utan å lukkast. Deretter sende me inn eit lesarbrev dei ikkje har trykt, seier Moskvil.

– Nationen liknar meir og meir ei valkampavis for Senterpartiet, kor sakene som får publisitet er nettopp viktige saker for Sp, legg han til.

– Kva meiner du med det?

– Dei har køyrd ein distriktskampanje sidan rapporten kom 8. august. Dei snakkar om det same som Sp snakkar om, som at regjeringa har sentralisert for mange arbeidsplassar, og at det skjer for lite i distrikta.

– MDG godt representert som kjelder

Sjølv kjenner ikkje Halvorsen detaljert til når Moskvil eller andre i MDG skal ha teke kontakt for å kommentere rapporten. Ho seier vidare:

– Generelt er MDG-politikarar svært godt representert som kjelder i Nationen, både på redaksjonell plass og med debattinnlegg. Men MDG må, som alle andre parti – Sp inkludert – finne seg i å bli vekta mot andre kjelder og andre saker me har på blokka.

Om «distriktskampanjen» seier Halvorsen:

– Vår redaksjonelle storsatsing i samband med lokalvalet er «Den stille sentraliseringen». Gjennom denne serien dokumenterer Nationen at arbeidsplassar og tenestetilbod forsvinn over heile landet – og at rikdommen klumpar seg saman i byane. Me meiner dette stoffet tek så vel innbyggjarane som politikarane på alvor, i eit lokalvalår. Eg kan ikkje forstå at det står i motsetnad til òg å dekkje klima- og miljøspørsmål.

Powered by Labrador CMS