Til venstre er Haukeland Universitetssjukehus, og til høgre jusprofessor ved Universitetet i Bergen, Hans Fredrik Marthinussen.Marit Hommedal / NTB scanpix og Universitetet i Bergen
Jusprofessor applauderer Helse Vest: – Det føregår mange brot på teieplikta
Hans Fredrik Marthinussen ved Universitetet i Bergen oppmodar resten av landet til å følgje i Helse Vest sine fotspor og slutte å gi media informasjon om pasienttilstand etter ulukker.
No går jusprofessor ved Universitetet i Bergen, Hans Fredrik Marthinussen, ut og støttar Helse Vest.
– Eg er overtydd om at helseføretaka bryt teieplikta regelmessig. Det føregår mange brot på teieplikta. Alle andre helseføretak bør tenkje seg grundig om, seier Marthinussen til Medier24.
Sjølv har både Helse Nord, Helse Midt og Helse Sør-Øst uttalt til Medier24 at dei står på gjeldande praksis og vil ikkje følgje i Helse Vest sine fotspor.
Jurist og professor i offentleg rett, Benedikte Moltumyr Høgberg, er blant dei som er kritiske til Helse Vest si avgjerd.
– Det er av allmenn interesse å vite om folk vert kritisk eller alvorleg skadd i ulukker som allereie er offentleg kjend, til dømes på ulukkesstrekningar. Dette er informasjon som normalt ikkje grip inn i teieplikta eller andre personvernomsyn, seier ho til Bergens Tidende.
I eit innlegg på Facebook tek Marthinussen til motmæle og skriv mellom anna: «Jeg applauderer Helse Vests beslutning, og håper resten av helse-Norge kommer etter.»
– Centimeter avgjer dødsfall
Marthiniussen utdjupar overfor Medier24:
– Det kan vere vanskeleg å vite om nokon er identifisert, og om folk veit kven dei er. Det kan vere krevjande for helsemyndigheitene å vurdere. Ein kan hamne i ein situasjon der ein gir opplysingar til ein person mange veit kven er. Det er klart brot på teieplikta. Det enklaste måten å løyse det på er å leggje seg på ei linje som Helse Vest.
«Vi stiller oss også uforstående til det juridiske grunnlaget Helse Vest bygger på. Vi minner om Justisdepartementets veileder til offentleglova, side 78, hvor det blant annet heter:
Ein føresetnad for teieplikt er dessutan at opplysningane kan knytast til bestemte enkeltpersonar. Opplysningar som er gjorde anonyme eller oppgitte i statistisk form, slik at dei ikkje kan knytast til bestemte personar, er ikkje underlagde teieplikt, sjølv om dei gjeld til dømes helsetilhøve, straffbare tilhøve eller annan sensitiv informasjon.»
Martinussen, derimot, meiner ikkje ein bør vektleggje personskadar for mykje.
– Det er eit legitimt argument, og me har interesse av å vite det. Men nokre gongar kan det vere centimeter som avgjer om det er dødsfall eller ei. Korleis det går med folk er interessant, men i blant verkar det som om aviser speler på kjensler, seier han, og legg til:
– Kanskje det hadde vore betre med statistikkar om kor mange som har døydd, kor mange som kunne ha døydd og kor mange som har skada seg – utan at ein treng å brette ut alle enkeltsituasjonar. Det seier eigentleg ikkje så veldig mykje.
Marthinussen på si side meiner ikkje unntaket gjeld personopplysingar for pasientar.
– Teieplikta og personvernet er absolutt. Det finst ikkje lovheimlar som gir tillèt at ein gir ut informasjon som følgje av samfunnsinteresse, seier han.
Lèt seg ikkje overtala
Heller ikkje Helse Vest – ved kommunikasjonsdirektør Bente Aae, kommunikasjonsdirektør på Haukeland universitetssjukehus, Erik Vigander og juridisk rådgjevar Nina Næsheim – lèt seg overtale då dei møtte redaktørane til debattmøte 13. mars.
– Me tek sjølvkritikk på prosessen. Dette møtet kunne me hatt tidlegare. Likevel ville ikkje avgjerda blitt særleg annleis, fordi det er føreseieleg kva dei meiner. Eg forstår at det gjer det vanskelegare for media, men me må ta omsyn til teieplikta og må verne pasientane, sa Vigander til Medier24 etter debatten.