Martin Ødegaard i aksjon for Real Sociedad under storkampen mot Real Madrid på Santiago Bernabéu i Madrid i november. Til høgre er sportssjef Eirik Borud i VG.
Martin Ødegaard i aksjon for Real Sociedad under storkampen mot Real Madrid på Santiago Bernabéu i Madrid i november. Til høgre er sportssjef Eirik Borud i VG.

VG blir nekta intervju med Ødegaard etter avsløringar: – Vår rett å bestemma, seier klubben til M24

I fleire månader har Martin Ødegaard sin klubb, Real Sociedad, nekta VG å intervjua spelaren. – Problematisk at kritisk journalistikk vert møtt av boikott, seier sportssjef Eirik Borud i VG.

Publisert

Som ein del av Football Leaks-avsløringane til VG har dei skrive fleire saker om dei hemmelege avtalane mellom Martin Ødegaard og hans far Hans Erik Ødegaard og Real Madrid, som skaffa nordmannen sin signatur i januar 2015.

Den 9. september publiserte VG saka «Pappa Ødegaards hemmelige millionavtale», medan artikkelen «Real Madrid i jakten på Ødegaard: Gavedryss til familien» kom først 31. oktober. Hans Erik Ødegaard har ikkje svart VG sine spørsmål i samband med sakene.

– Før publisering 9. september dekkja me to Real Sociedad-kampar, og fekk intervju med Ødegaard. Sidan har me dekkja fire kampar utan å få snakka med han, seier sportssjef Eirik Borud i VG til Medier24.

– Han snakkar ikkje med dykk

Dei siste månadane har VG ved fleire høver forsøkt å få eit intervju med Ødegaard i samband med klubben han er utleigd til, Real Sociedad, sine kampar. Seinast laurdag spelte nordmannen mot Barcelona, utan at VG heller då fekk prata med drammensguten.

Hans Erik Ødegaard, far til Martin Ødegaard, på tribunen før EM-kvalifiseringskampen mellom Norge og Ungarn på Ullevaal stadion hausten 2015.
Hans Erik Ødegaard, far til Martin Ødegaard, på tribunen før EM-kvalifiseringskampen mellom Norge og Ungarn på Ullevaal stadion hausten 2015.

«VG har publisert ting om faren hans og me må beskytta spelaren. Beklagar, han kjem ikkje til å snakka med dykk», var beskjeden frå pressesjef i klubben til VG sin journalist.

Klubben si avgjerd

Medier24 har stilt Real Sociedad ei rekkje spørsmål på e-post laurdag kveld. Søndag føremiddag kom svaret:

«Det er klubben si avgjerd å ikkje la spelaren snakka med medium som kritiserer dei eller familien deira. Me er nøydd til å beskytta spelarane våre, då dei er den viktigaste delen av oss», skriv ein ikkje namngjeven pressemedarbeidar i klubben.

Vidare står det i e-posten:

«Alle medium har rett og fridom til å skriva kva dei vil, men me har òg rett og fridom til å bestemma kven me skal snakka med.»

Spørsmåla som dei ikkje har svart på er: Er det ein boikott? Kor lenge vil dei nekta VG å intervjua Ødegaard? Kva er det med VG-artiklane dei reagerer på?

VG: – Normal kritisk journalistikk

Borud tykkjer det er problematisk at VG ikkje får snakka med Ødegaard etter kampane til Real Sociedad.

– På generelt grunnlag kan eg seia at det er prinsipielt problematisk at kritisk journalistikk vert møtt av boikott. Ut frå dei svara me har fått er det vanskeleg å forstå om det er Ødegaard sjølv eller klubben som står for intervjunekt, seier han.

Han legg til at dei har fått snakka med Ødegaard i samband med landslagskampar, også etter publisering av sakene om Real Madrid-avtalane.

– Klubben skriv at de har kritisert han. Har de gjort det?

Sportssjef Eirik Borud i VG.
Sportssjef Eirik Borud i VG.

– Nei. Me opplever at me driv med normal kritisk journalistikk på forhold av samfunnsmessig betydning innanfor idretten. Det gjeld også i dette tilfellet.

– Kva betyr det for VG å ikkje få intervjua ei profil som Ødegaard når han speler seriekampar?

– Me vil jo gjerne ha tilgang til å intervjua Noregs største idrettsprofilar, så det forandrar jo dekninga vår. Me håpar ikkje dette varar ved, og at me får intervjua han igjen snart.

Powered by Labrador CMS