På jobb i Karmøybladet i 1980. Denne sommaren var Hanna Relling Berg på ferietur til gamle Sovjetunionen, og bestemte seg for at det var journalist ho ville bli.Ingebjørg Jensen
På eit Aeroflot-fly i Russland bestemte Hanna Relling Berg (21) seg for at ho ville bli journalist
No har sjefredaktøren i Sunnmørsposten 33 år i avisa bak seg og har tatt over som fungerande styreleiar i Norsk Redaktørforening.
– Her vil eg jobbe så lenge det er moro og gjevande, seier Hanna Lovise Relling Berg til Medier24, når me møter ho på kontoret hennar i Sunnmørsposten sine lokale i Ålesund sentrum.
Sidan 2007 har ho, som første kvinne, vore øvste leiar for Norges femte største regionavis (i papiropplag). No er ho også fungerande styreleiar i Norsk Redaktørforening fram til landsmøtet i mai.
Ein sommarferie i Russland, reportasjetur til Romania og intervju med Al Pacino på Sunnmøre er få av mange ingrediensar i eit langt presseliv, som no speler seg ut i hamnebyen Ålesund.
Flytur i Pravda-Russland
Me spolar nesten 40 år tilbake i tid.
Unge Hanna Relling Berg fekk sin første faste avisjobb i Karmøy-Bladet i 1980. Avisa var frå 1971 eigd av A-pressa, før den gjekk inn i 1987, og hadde i 1984 eit opplag på 3.688.
Sunnmøringen likte jobben sin. Men det var på ein sommarferie i Russland same år ho innsåg at det var dette ho ville leve av.
Slik forklarar ho den noko spesielle innanlandsflyturen med eit Aeroflot-fly, som skulle frakte ho frå hovudstaden Moskva til den russiske badebyen Sotsji, som ligg ved foten av Kaukasusfjella:
– Eg var på tur i gamle Sovjetunionen under Pravda-tida, då sat eg på eit innanriksfly Aeroflot-fly frå Moskva til Sotsji. Setebeltet verka ikkje som det skulle, og flyet var veldig skranglete. Og så tenkte eg «dersom dette flyet ramlar ned, vil ingen journalistar stille kritiske spørsmål». Ingen vil kunne stille nokon til ansvar. Eit samfunn utan kritiske journalistar er eit utrygt samfunn. Det vil eg ikkje vere ein del av. Då var eg 21 år, og tenkte at dette vil eg bruke livet mitt på.
– Det har vore eit veldig rikt liv. Eg vil på det sterkaste anbefale unge folk å søkje seg inn på journalistutdanninga. Det trengst fleire journalistar, legg ho til.
Saka held fram under biletet.
Siesta-stolen
Historisk har mange funne vegen inn til mediebransjen via foreldre som har vore journalistar. Det er langt frå tilfellet hos Hanna Relling Berg, som rett nok har ein far som rett nok har fått sin anerkjenning for heilt andre ting. Ingmar Relling er mannen som står bak Siesta-stolen, som stadig er å finne i stovekroken hos nordmenn i aust og vest.
Ingmar Relling designa Siesta-stolen i 1965, og stolen heldt i mange år liv i Vestlandske møbelfabrikk i Sykkylven, kor Relling Berg vaks opp. I seinare tid har LK Hjelle teke over produksjonen av stolen.
– Som dei brukte å seie i barndomsheimen min: «Alt er lov, utan å brodere etter mønster.» Eg hugsar endå då eg kom heim og hadde kjøpt eit lite ferdigtrykt broderi. Då sa pappa «du må skape noko sjølv, og ikkje sitje der og etterlikne det andre har gjort.» Det festa seg, seier Relling Berg.
Saman med ein åtte år eldre bror, vaks ho opp med søskenbarn i nabohusa i Sykkylven. Dei var som ein stor familie, med trygge, gode og omsorgsfulle foreldre, seier Relling Berg.
– Eg hugsa me pleidde å dra på målarturar med heile familien. Pappa var glad i å male akvarell. Då drog me opp på Fjellseter i Sykkylven. Der sat me med kvar vår akvarellskrin og malte, medan mamma kokte kaffi.
– Då pappa arbeidde med Siesta-stolen, tok han oss ofte med på sykkelturar, medan han pønska på designa. I 1999 – tre år før han gjekk bort – tok Ingmar Relling imot Kongens fortenestemedalje i gull.
Som ung trefte Hanna Relling Berg sin noverande mann, Frode Berg (som jobbar i NRK Møre og Romsdal), frå Kragerø. På den tida flytta dei litt rundt i landet, og Relling Berg var innom både Vestfold Arbeiderblad, nemnde Karmøy-Bladet, og Vesterålen Avis.
Dei skulle berre flytte til Volda og studere nokre år på Høgskulen i Volda, og så flytte sørover igjen. Etter sommarvikariat på Stranda-kontoret til Sunnmørsposten, fekk Relling Berg jobb på Ørsta-kontoret, og blei verande.
– Me skulle bli her i to år, og reise vidare, men no har det blitt over 30, seier ho.
Avlytta redaksjonslokale i Romania
Sidan har vore både nyheitsjournalist i hovudredaksjonen, kultur- og feature-redaktør, før ho vart ansvarleg redaktør i 2007. Men det var aldri gitt at ho skulle ta over sjefsstolen.
– Nei, eg hadde aldri som mål å bli redaktør. Eg stortreivst som journalist, og så har eg med tida fått utfordringar og sett at det har vore moro. Det å vere leiar, og sørgje for at andre skin, er kjempespanande, seier ho.
Eit lang presseliv gir mange minner, og Relling Berg trekk fram tre spesielle jobbreiser, som har sett spor på kvar sine vis.
– Det som har gjeve sterkast inntrykk var då eg var på reportasjetur i Romania etter at (Nicolae) Ceaușescu-regimet styrta, i 1989 eller 1990. Eg var inne i eit avislokale, hos ei avis som heitt Libertatea (før regimet falt heitt avisa Informaţia Bucureştiului). Der oppdaga dei, like etter at regimet styrta, at heile redaksjonslokalet var fult av mikrofonar i tak og vegger, hugsar Relling Berg, og held fram:
– Same tur var me med ei hjelpesending til ein barneheim. Det å kome inn i den barneheimen, var som å gå inn i det 17. århundre. Det var ein gammal festning, og golvet var så blautt av urin at det trakk heilt gjennom. Ungane, med psykiske lidingar, budde i båsar. Dyra heime i Norge hadde det langt betre. Landet var lukka under Ceaușescu, så vart det opna opp. Det var skakande at ungar, midt i Europa, kunne leve under slike forferdelege forhold utan at me var klar over det, seier ho.
Klar over det var dei ikkje – truleg på grunn fråværet av demokrati og ei fri presse, som Relling Berg er så brennande oppteken av. «Den sanningssøkjande journalistikken» og «ytringsfridom» er ord som heile tida går gjennom intervjuet med Medier24.
Skrekkoppleving i Ukraina
Det får ho til å tenkje på ein annan, langt ferskare, jobbtur – til Kiev i Ukraina. På veg til flyplassen, på veg heim frå ein mediekonferanse, fekk ho ein augeopnar av dei sjeldne.
– Journalistane der sleit, som følgje av sensur og opplevinga av å ikkje vere frie, seier ho, og held fram:
– Tidleg reiste me med drosje ut mot flyplassen. Så vart me stoppa av ein uniformert, som såg ut som politi. Sjåføren bladde opp setlar, prata litt på ukrainsk, så køyrde han vidare. Då eg spurde han kva han gjort gale, var han usikker, men sa at det eigentleg var uvesentleg. «Hadde eg ikkje betalt, hadde han teke meg ut frå bilen og avhøyrd meg. De ville ikkje ha rekt flyet dykkar og eg hadde mista jobben», seier ho.
Redaktøren forsøkjer å setje det i norsk kontekst.
– Tenk deg situasjonen: Du skal reise ut på Vigra eller Gardermoen, og så står det eit politi der som treng ekstra pengar, og tvingar det ut frå taxisjåføren. Dét hadde blitt oppslag, det, seier ho.
Og ei fri og uavhengig lokalavis, som er fri frå sensur og no-platforming, er det den ideelle avis for den engasjerte Sunnmøringen. Det er nøyaktig i tråd med grunnleggjar Olaf Sandvik, som i 1882 grunnla Søndmørsposten, då han hadde fått trykkenekt av dei andre avisene i regionen. Avisa var eit organ for partiet Venstre, og vart etablert fordi byens venstrefolk følte dei ikkje kom til orde i byens andre aviser, ifølgje Sunnmørsposten si eiga historieforteljing.
– I rein frustrasjon starta han avisa Søndmørsposten. Heile førstesida var eit lesarbrev om unionsstriden. I den første leiaren står det at det skal vere ei avis som òg opnar seg opp for meiningar bladet sjølv ikkje deler. Det var i 1882, og er stadig like aktuelt, seier Relling Berg.
Saka held fram under biletet.
– Resett driv ikkje med journalistikk
Og slike verdiar er det ho forsøkjer å løfte fram i rolla som Norsk Redaktørforening, som i haust nekta redaktør Helge Lurås i Resett innpass.
– Kva tykkjer du om framveksten av slike medier?
– Det eg er oppteken av er at dei held seg til Redaktørplakaten og Vær varsam-plakaten (VVP). Årsaka til at me avslo Resett er at det er så tydeleg at det dei driv med ikkje er journalistikk, med så mange openberre brot på VVP. Det er ikkje slik at alt som er tekst på papir eller nettside er journalistikk. Det å forklare skilnaden, og å få fram det etiske fundamentet som skil journalistikk frå alt anna, er viktig.
– Dei kan meine kva dei vil, så lenge det er innanfor norsk lov og dei grunnleggjande elementa i VVP. Då er det, tvert om, berre ein fordel å ha eit stort meiningsmangfald, seier ho til Medier24.
Då presseveteran Harald Stanghelle i september annonserte at han går av som Aftenposten-redaktør måtte han samstundes tre av som styreleiar i Norsk Redaktørforening. Då vart Relling Berg innstilt som midlertidig styreleiar i redaktørforeininga, før det er attval til våren.
– Det er opp til valkomiteen og landsmøtet å avgjere kven som skal bli ny styreleiar. Dei har mykje å ta omsyn til, men eg tykkjer det er ein veldig meiningsfull jobb, med eit fantastisk styre. Eg ser fram til desse månadane her.
– No-platforming kan bli totalitært
No er Relling Berg ein aktiv pådrivar for det ho kallar den sanningssøkjande journalistikken, som ho meiner det vert stadig meir behov for.
– I ei tid det vert avdekkja løgnfabrikkar, og når ein veit det bevisst vert spreidd desinformasjon, er journalistikken viktigare enn noko gong. Det å styrke den faktabaserte og sanningssøkjande journalistikken har aldri vore viktigare. Det er veldig meiningsfullt å jobbe med, summerer Relling Berg opp.
Den røynde presseveteranen tok nemleg over sjefsstolen samstundes som Facebook gjorde sitt momentane inntog i den norske kvardagen. Det har ikkje ført til ubetydelege endringar.
I mylderet av det ho kallar for «løgnfabrikkar», sosiale og uredigerte medier, dukkar det i tillegg opp alternative stemmer og ein flora av ulike meiningar. Det førte i haust til ein langvarig debatt om no-platforming. Der tok Relling Berg tydeleg standpunkt, med kommentaren «Uklokt å hindre open debatt».
– Den tankegangen om at «du er ueinig med meg, eg veit best, og då skal eg hindre deg» kan bli totalitær. Å sørgje for at folk kjem fram med sine ytringar, sjølv om dei ikkje alltid er gjennomtenkte, er viktig. Men det går ei grense. Sjølv om du har ytringsfridom, har ein ikkje trykkjeplikt. Me har nulltoleranse for sjikane og oppfordring til vald, utdjupar ho overfor Medier24.
Slik er realiteten og mediekvardagen anno 2018, og det er ingen grunn til at 2019 ikkje vil by på liknande, nye, problemstillingar. Men essensen i journalistikken, den vil alltid vere den same som før, meiner ho.