Resett-redaktør Helge Lurås får ikkje inn­pass i Redaktør­foreningen

Samrøystes vedteke. Søknaden til Helge Lurås til Norsk Redaktørforeningen vart behandla på styremøte tysdag kveld.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Resett-redaktør Helge Lurås får sin søknad om medlemskap avslått, stadfester styreleiar Norsk Redaktørforening (NR) i ei pressemelding tirsdag ettermiddag.

Det skjer etter eit samryøstes vedtak. Som følgje av avslaget vart ikkje søknaden til redaktør Shurika Hansen i Xstra, som er ein del av Resett, vurdert.

– Eg er skuffa, men er ikkje overraska. Det var den konklusjonen etter dialogen me har hatt. Eg har ikkje veldig respekt for avgjersla, og dei har vikarierande argument for å halda oss ute, seier Helge Lurås til Medier24.

Assisterande generalsekretær Reidun Kjelling nybø, generalsekretær Arne Jensen og styreleiar Hanna Relling Berg i Norsk Redaktørforening (NR). Her etter vedtaket tysdag. 

 

– Grunnleggjande prinsipp

Styreleiar Hanna Relling Berg i NR kommenterre avslaget slik:

– Me meiner ut frå ei heilskapsvurdering at Resett sin redaktør ikkje oppfyller kriteria for medlemsskap.

– Kva kriterium er det han ikkje oppfyller?

Styreleiar Hanna Relling Berg i Norsk Redaktørforening (NR).

– Det me først og fremst har sett på er måten anonyme kommentatorar kjem med sterke personangrep. Det er eit vanleg prinsipp i all journalistikk at dersom nokon skal blir kritisert, så skal òg den som kritiserer stå fram med namn.

– De har vel også sagt til til han at han må få bukt med det problemet for å få innpass?

– Ja, eg vil også gi ros til Lurås for enkelte ting. Det me har reageret på tidlegare er fiktive namn på ein journalist, som ikkje var foreinleg. Det har han retta seg etter. Men kommentatorar som kjem med sterke angrep på namngitte personar utan at dei får forsvara seg er eit så grunnleggjande prinsipp at ein per i dag må seia nei.

Se intervju med Relling Berg her: 

 

 

Styreleiar Hanna Relling Berg og generalsekretær Arne Jensen i Norsk Redaktørforening. Her frå styremøtet tysdag.

– Problem med å akseptera det

Lurås seier følgjande til Medier24 etter vedtaket tysdag:

– Kritikken om at me ikkje oppfyller dei publisistiske krava som Redaktørforeningen stiller har eg problem med å akseptera, fordi det meiner eg det er PFU som skal avgjera. No vil me sjå kritikken halda fram mot Resett, utan at me får forsvart oss mot det, seier han.

– Anonyme skribentar har Document brukt i stor skala i mange år, og dei har teke inn Hans Rustad i Document, så eg har vanskeleg å forstå avgjersla.

Tysdagens avslag skjer halvanna år etter at Lurås først søkte – meen fekk avslag som følgje av gjentekne og klare brot på Ver Varsam-plakaten, tilbod om betaling til eit intervjuobjekt og oppmoding til boikott av andre medium.

Powered by Labrador CMS