Det går heitt føre seg i Hamar Arbeiderblad og eigarkonsernet Hamar Media om dagen. Fredag skal styret i Hamar Media behandla fleire bekymringsmeldingar retta mot konsernsjef Hans Jørgen Øveraasen.
Øveraasen vil sjølv vera til stades på styremøtet.
«Jeg tar det svært alvorlig og til etterretning», skriv han i ein epost til Medier24.
Interne brev Medier24 har fått tilgang til viser ei sterk splitting mellom styret, redaksjonen i Hamar Arbeiderblad, administrasjonen i Hamar Media og den grafiske avdelinga i konsernet.
– Kan ikkje leva med denne situasjonen
Etter det Medier24 kjenner skal Øveraasen si stilling opp til vurdering i styremøtet fredag.
– Konsernsjefen skal få svara på bekymringsmeldingane, og så skal styret diskutera alvorsgrad og konsekvensar. Nokre konsekvensar vil det få. Styret har ansvar for å gjera noko – meir eller mindre dramatisk, seier styreleiar Ola Mørkved Rinnan til Medier24.
– Kan det bli votering om konsernsjefen si framtid?
– Det er ikkje heldig å votera i eit styre om ein konsernsjef blir vurdert til å vera rett person, men uansett må ein ta ei avgjersle – for verken styre, organisasjonen, eller konsernsjefen kan leva med ein så uklar situasjon. Styret må på ein eller annan måte forholda seg til vegen vidare.
– Kor avgjerande blir det styremøtet for framtida til Hamar Media?
– Det veit eg ikkje. Det einaste eg veit er at me ikkje kan leva med situasjonen og at styret må ta ansvar og leggja opp eit vidare løp.
Usemje om Amedia-samarbeid
Amedia er største aksjonær i Hamar Media med 21,5 prosent. Resterande aksjar er stort sett eigd av ei rekkje regionale fagforeiningar og lokale Arbeidarpartilag.
Fredag skreiv Hamar Arbeiderblad at Jarl Kurud, styremedlem og representant for Fellesforbundet, som har aksjar i Hamar Media, ynskjer å kasta styreleiar Ola Mørkved Rinnan i ei ekstraordinær generalforsamling.
Kurud ynskjer ikkje å kommentera saka overfor Medier24.
Også administrasjonen i Hamar Media har i eit brev til valkomiteen ytra kritikk mot styreleiaren.
Bakgrunnen for misnøya er sterk usemje om dagens situasjon i Hamar Arbeiderblad, og vegen vidare for avisa.
Hamar Arbeiderblad opplever fallande inntekter, opplags- og lesartal, og redaksjonen etterlyser eit tettare samarbeid med største eigar, Amedia, for digitale løysingar. Avisa har til no nytta seg av «in house»-teknologi, som fleire meiner ikkje held mål for å halda tritt med utviklinga i dagens mediemarknad.
Etter det Medier24 kjenner til er motstandarane av Amedia-samarbeidet redd for å sentralisera funksjonar frå Hamar til Oslo, og dermed gi slepp på arbeidsplassar.
Mistillit mot konsernsjef
Tysdag kom det siste brevet – frå dei øvste tillitsvalde i konsernet – til alle eigarane og aksjonærane i Hamar Media. Der summerer dei opp situasjonen for dei tilsette og uttrykker mistillit overfor konsernsjef Øveraasen.
«Med bakgrunn i de bekymringsmeldingene som har kommet, mener vi at sittende konsernsjef ikke ser utfordringene i bransjen, ei heller har tillit blant en stor andel av de ansatte», skriv dei tilsettvalde styremedlemmene Anne Bergsengene og Maren Framnes og konserntillitsvald Kristin Høgi Gravdal i brevet til eigarane.
«Vi ser også nå at vi må si ifra når vi ikke har tillit til at vår øverste leder er den som skal bringe oss videre inn i fremtiden», skriv dei avslutningsvis.
– Redaksjonsklubben meiner dei tillitsvalde har summert opp situasjonen godt og me i redaksjonen kjenner oss att i skildringa dei gir, seier klubbleiar Christian Bergheim i Hamar Arbeiderblad til Medier24.
Brev frå klubben og redaktørane
Allereie den 28. oktober sende redaksjonsklubben, klubbstyret og redaktørgruppa, utanom sjefredaktør Carsten Bleness, eit brev til styreleiar Rinnan kor dei uttrykte sterk bekymring knytt til avisa si utvikling, framtid og digitale løysingar.
«Med de ressursene Hamar Media Digital har, er de dessverre ikke sterke nok til å bistå og utvikle HA raskt og godt nok. Vi ser klare fordeler ved å komme med på den såkalte GD-modellen [samarbeid med Amedia om teknologi – som Gudbrandsdølen Dagningen, journ.anm.]», skriv redaksjonsklubben og fem redaktørar i HA til styreleiar Rinnan i brevet datert 28. oktober.
Redaksjonen ynskjer eit sterkare samarbeid med Amedia, og det same har styreleiar Rinnan ynskja å sondera moglegheiter for. Det skal både konsernsjef Hans Jørgen Øveraasen og hans støttespelarar i styret, som ein av to fraksjonar i styret, ytra motstand mot, seier fleire sentrale kjelder til Medier24.
Til Medier24 skriv derimot Øveraasen:
«Jeg er ikke imot tettere samarbeid med Amedia. Hamar Media har et godt samarbeid med Amedia på flere områder, og det er et samarbeid under stadig utvikling.»
Mediesituasjon i endring
Styreleiar Rinnan summerer usemja opp slik:
– Konsernsjef og dei som rapporterer til han meiner at ting er ok, medan majoriteten meiner ting er problematisk, seier Rinnan.
Vidare i brevet 28. oktober peiker redaksjonen og redaktørane med uro på at konsernsjef Øveraasen skal setja ned eit utval for å finna ein erstattar for sjefredaktør Carsten Bleness, som etter avtale går av som 62-åring i løpet av 2020. Redaksjonen meiner ein bør venta til eit nytt styre er vald før ein startar jakta på etterfølgjaren.
– Eg meiner at mediesituasjonen endrar seg såpass mykje, at me må vera villige til å sjå på framtida og tenkja og snakka om ulike løysingar framover for å sørgja for at Hamar Arbeiderblad får ei positiv utvikling. Det opplever eg at fleirtalet i styret òg er interessert i, seier redaktør Carsten Bleness til Medier24.
Bleness er den einaste redaktøren som ikkje har signert brevet.
Den 7. november kom det også eit brev frå den grafiske klubben i Nydal som uttrykker uro knytt til både økonomisk utvikling og satsing på den grafiske avdelinga.
«Uenighet om veivalg og utvikling er uheldig»
Her er resten av svaret frå konsernsjef Øveraasen:
«Nå har vi fokus på å finne gode løsninger som skaper trygge arbeidsplasser og sikrer god fart videre for kjerneområdene våre, ikke minst de mange lokalavisene vi driver, inkludert Hamar Arbeiderblad. Uenighet om veivalg og utvikling er uheldig, og må tas på alvor, men denne situasjonen har flere sider. Det pågår en sak mellom eiere og styreleder, og det er berammet ekstraordinær generalforsamling. Det er derfor eiere og styreleder som må uttale seg om den.
(…)
Hamar Arbeiderblads klubb og redaktører har uttrykt bekymring for Hamar Arbeiderblads utvikling. Det er en bekymring jeg deler. Jeg ser utfordringene bransjen har, og er positiv til utvikling og endringer. Som konsernsjef forholder jeg meg til strategien som er vedtatt av styret i Hamar Media, og er lojal mot vedtakene som er fattet. Strategien legger vekt på vekst og utvikling. Hvis styret vedtar en ny strategi, eller justerer den nåværende med et styrevedtak, vil vi selvsagt følge det.»
På spørsmål om han fryktar å bli kasta som konsernsjef, svarar han slik:
«Det er en sak mellom styret og meg, og som jeg ikke ønsker å kommentere her. Jeg er mest opptatt av å finne gode løsninger for de ansatte, konsernet og kundene våre.»