OPP er en moderne og god lokalavis. Den utmerker seg med en svært tiltalende presentasjon, samt en bevisst og profesjonell stoffmiks. Blandingen av nyheter, guider og reportasjer er forbilledlig. Det samme er utvalget av kilder og intervjuobjekter der både den lokale elite og vanlige bygdefolk slipper til. Juryen har merket seg en god billedbruk, sikkert språk og kreative reportasjegrep. Nettutgaven er variert og inneholder både nyttig guidejournalistikk og underholdende videoinnslag.
OPP er en fargerik og varm lokalavis som lever opp til det «håndskrevne» slagordet som følger avisens logo: «For alle med hjertet i Oppdal».
Harald Stanghelle - Tiril Rem - Bjørgulv Braanen
Årets lokalavis 2015, hederlig omtale til Hallingdølen:
Hallingdølen held koken som ei praktfull lokalavis med profesjonalitet i alle ledd. Avisa følgjer lokalsamfunnet tett og utfordrar makta både gjennom leiarartiklar og kommenterande avisteikningar. Stoffet er godt redigert, og språket er korrekt og kreativt. Seksjonen «Helgebel» i laurdagsavisa opnar med spalta «Sett uttate», der gjesteskribentar har ordet. Slike dialektuttrykk knyter avisa til nærområdet utan at det vert for mykje av det gode. Avisa prioriterer reportasjar med høg biletkvalitet og har ein bladbunad som gjer at fotografiet kjem til sin rett. I somme saker vert lesaren vist vidare til videoreportasjar i nettutgåva, som avisa òg har eit godt grep om.
Hallingdølen har atter ein gong fortent heider som ei av dei beste lokalavisene i landet.