Kvinnheringen kunne juble på LLAs landsmøte fredag kveld. Fra venstre: Mona Grønningen, Vidar Håland, Merete Lilleland, Eirik Dyrøy Lotsberg, Elisabeth Berg Hass, Jonn Karl Sætre og Tomas Bruvik.
Dagens dobbel til Kvinnheringen på LLAs landsmøte! Fikk både markedspris og journalistpris. Fotopris til Hallingdølen
To kjente prisgrossister tok med seg fredagens priser på lokalavisenes landsmøte fredag. Les om alle vinnerne og se videointervju!
LLAs journalistpris 2016 til Kvinnheringen, ved Arne Lindeflaten, Elisabeth Berg Hass og Thomas Bruvik:
Openheit og innsyn er avgjerande for eit levande lokaldemokrati. Ein føresetnad for dette er at kommunens saksdokument blir journalført og gjort tilgjengeleg via offentleg journal. Kvinnheringen hadde i lang tid hatt mistanke om at særleg administrasjonen i Kvinnherad kommune held offentleg informasjon hemmeleg, og bestemte seg for å sjekka journalføringa i kommunen. I eit heilt år gjekk avisa gjennom alle postlister, dag for dag. Det tidkrevjande og systematiske arbeidet resulterte i ei rekkje artiklar som avslørte at kommunen slurva med journalføringa.
Gjennom solid dokumentasjon og mange kjelder får lesarane innblikk i ein ukultur i kommunen. Lesarane får også ei grundig innføring i kva postlister er, og korleis ein kan nna fram i dei på nett. Journalistprisen 2016 går til avisa Kvinnheringen for saka «Tvilsam postlistepraksis».
Hederlige omtaler delt ut til Thomas Frigård, Raumnes for journalistikk rundt kommunens lønnspolitikk - og Geir Rommetveit, Sunnhordland for reportasjen «Død, men levande».
LLAsfotopris 2016 til Hallingdølen og fotograf Patricia Kühfuss:
Dette burde enda eire lokalaviser gjere! Biletserien til Patricia Kühfuss i Hallingdølen gir eit levande innblikk i ei livshending som mange kan kjenne seg att i. Fotografen har saman med journalist Torunn Akersveen Lied tydeleg jobba for å få tillit blant ungdomane. Resultatet er ein fotodokumentar som let lesarane få kjenne på atmosfæren og følelsane på vinterballet på Gol ungdomsskule.
Patricia Kühfuss og Hallingdølen fortener prisen for Årets lokalavisfoto 2016.
Hederlige omtaler delt ut til Eugen Hammer, Gjesdalbuen for konsertbilde av Isac Elliot - og Tor Folgerø, Hallingdølen for serie fra brøytejobbing på Hardangervidda.
LLAs markedspris 2016 til Kvinnheringen for julekalenderen fra Sunde:
Med julekalenderen til Merethe Offerdal Tveit har Kvinnheringen vist fram spennande lokalhistorie i ny og engasjerande innpakning. Frå 1. til 24. desember har lokalavisas lesarar fått innhaldsrike videoar som har ført til stor trafikk på nettsida. I tillegg har avisa skapt engasjement gjennom eigenannonsar og omtale i papiravisa. Juryen er imponert over Kvinnheringen som har fått 80 nye abonnentar i løpet av adventstida der bygdehistorien om Sunde vart vist fram.
For sin flotte og kreative julekalender – og lokalavisas tilflyt av nye abonnentar – får Kvinnheringen LLAs marknadspris for 2016.
Hederlige omtaler til Saltenposten for kampanjen #Dittvalg2016 og #Dinframtid2016, og Søgne og Songdalen Budstikke for abonnement på annonse.