– Eg spurde om å låna toalettet hans, og så gjekk eg ned og spydde.
Journalist Hallgeir Opedal og forfattar Jo Nesbø hadde prata om alt og ingenting, bestemor og bestefar, oppvekst og skrøner. Verdas beste Jo Nesbø-intervju, meiner Opedal.
Tre timar tidlegare spaserte han nervøst bort til forfattarbustaden på Majorstuen, etter månadsvis med research og forsøk på å få ein avtale med Norges kanskje mest gjennomintervjua forfattar.
– Eg tenkte undervegs at det var fantastisk at intervjuet gjekk så bra. Eg tenkte «wow», «fy faen, sa han det?», «dette er suverent».
– Følte meg mislukka
To timar gjekk, og Nesbø lurte på om det byrja å bli for langt. Nei, me held fram, dette er så bra at me kan laga to episodar, seier Opedal.
Etter tre timar seier dei stopp.
Opedal ser ned på opptakaren sin.
– «Skal ikkje den lysa raudt»? tenkjer han
Etter kvart går det opp for han at dei har sete der i tre timar utan at opptakaren har gått. Verdas beste intervju blei mellom dei to – i «den perfekte skrivehola» – som Nesbø kallar rommet i annanetasje som har utsikt over Holmenkollen.
Dei hadde rørt tema han aldri hadde snakka om før, og intervjuobjektet sjølv var lika skuffa. Opedal pakka sakene, gjekk heim og vakla rundt i frustrasjon og mørke.
– Eg følte meg mislukka som både journalist og menneske, seier han om episoden som fann stad for snart fira år sidan.
Kvelden same dag tikka det inn ein sms frå Nesbø som lovde at han skal rydda plass i kalenderen for eit nytt intervju.
– Det vart verdas nest beste Jo Nesbø-intervju, seier han.
Saka held fram under biletet.
Ikkje begeistra for møta
Medier24 treff Opedal på Lille Ole Bull i Bergen, kor han er invitert for å fortelja om sine metodar for portrettintervju. Oddingen, som budde sine fem første år i Kongsberg, jobba i to tiår som portrettskribent i Dagbladet, før han forlét avisa for å byrja i Fredrik Skavlan sitt Monkberry. Opedal starta sin karriere i VG og Hardanger Folkeblad.
Ekstremt grundig research, originalitet og timevis med finpussing er 53-åringen si oppskrift på eit godt portrettintervju.
– Møta tykkjer eg ikkje noko om. Eg er ikkje så veldig begeistra for å treffe folka, seier han.
Men alt før og etter samtalen set han pris på.
– Eg gjer alltid ekstremt grundig research, grev over alt og finn originale ting dei ikkje har snakka om før. Mange av dei eg har intervjua i Dagbladet har blitt intervjua mange gongar før, går inn i rolla som objekt, veit kva journalistane likar og fortel dei same historiene igjen og igjen, seier Opedal.
– Kafé er det verste
Han samanliknar intervjuet med eit stemnemøte.
– Intervjusituasjonen er veldig kunstig. Det er som ein første date. Dei dreg fram smørsida og vil berre stå fram så positive som mogleg. Forsøk å komma under fasaden deira, seier Opedal.
Ei fallgruve som portrettjournalist er å gå gjennom for for mange tema og tidsepokar – utan å finna dei gode historiene og ufortalde skattane.
– Barndom er veldig keisamt, seier Opedal.
– Ikkje prøv å fortelja heila livet deira. Eg vel alltid ut maks tre tema eg vil prata om. Grav heller på tre plassar enn å henta ut litt her og litt der. Finn vendepunkta, er rådet til Opedal.
For å få det beste intervjuet har Opedal fire ulike lokasjonar han har vurdert frå best til verst.
– Det besta er å bli med dei på noko, heime er bra, kontoret kan vera personleg – medan kaféintervju er det aller verste, seier han.
Ta styringa
Opedal tykkjer det er viktig å visa respekt for intervjuobjektet ved å ha gjort research. Då byr dei fort meir på seg sjølv òg.
Han viser til ei læresetning frå mangeårig sjefredaktør i Dagbladet, no avdøde, Arve Solstad:
– Du skal ha kloa i folk når du treff dei. Intervjuet er ein styrt samtale, og det er journalisten som styrer. Vit kva du vil.
– Grunnen til at dei gidd gi eit intervju er jo fordi dei skal selja noko. Då blir dei med på spelet, og gir ikkje meir enn dei må. Då gjeld det at du, som journalist, finn originale tema, seier han vidare.
Saka held fram under biletet.
Språkprisen
Den tilsynelatande jordnære og nedpå journalisten vart i 2009 heidra med NTB sin språkpris. «Årets vinner er en person som alltid leverer gode tekster, samme hva han skriver om, og likegyldig i hvilken sjanger. Han behersker de fleste, inkludert petiten og reportasjen», sto det i juryen si grunngjeving.
Sjølv om 53-åringen pratar kav oddamål i dag, var det ikkje før i 2018 han byrja å skriva nynorsk. Det fekk han sjansen til då han tok beina fatt og gjekk frå bustaden på Smestad til barndomsheimen i Odda – og skreiv om turen for Dag og Tid. Turen resulterte òg i boka «Heim. Ei vandrehistorie», som vart gjeven ut på Samlaget i mai.
– Det er veldig deilig å skriva på nynorsk. Som liten snakka eg austlandsk, og var bokmålselev i Odda, seier han.
– Då tilbodet frå Dag og Tid kom i fjor, fekk eg endeleg skriva på nynorsk. Det var som å få ein ny palett med fargar og moglegheiter å utfolda meg på i staden for dette knusktørra bokmålet. Endeleg fekk eg ta føre meg den briljante og saftige nynorsken.
– Korleis får ein godt språk?
– Det trur eg du kan læra deg.
– Korleis?
– Eg brukar å lesa gamle intervju – gjerne som andre har skrive – og får farta og rytmen inn før eg byrjar å skriva sjølv. Når eg er ferdig kan eg sitja lenge med småpussing.