Heller ikkje i fjor klarte Nordiske Mediedager å få omsetnaden til å overstige kostnadane.
– Det er inga overrasking i dei tala. Nordiske Mediedager har i 12 år vore ei sjølvstendig ikkje-kommersiell stifting, som siktar mot eit nullresultat kvart år. Me har på desse 12 åra hatt sju år med overskot og fem år med underskot, seier Guri Heftye, dagleg leiar i Nordiske Mediedager, til Medier24.
Festivalen omsette i fjor for 9,2 millionar kroner, men enda med eit driftsresultat på minus 575.000 kroner.
I rekneskapen kjem det likevel fram at deltakarinntektene går opp frå 3,99 millionar kroner i 2017 til 4,2 millionar kroner i 2018.
– Me har om lag same deltakartal som i 2017, men me hadde ei oppjustering av prisane, seier ho.
– Krevjande marknad
Etter fleire år med tap budsjetterer festivalen i 2019 med å gå i pluss.
– Me har budsjettert eit lite pluss i 2019, og det ser ut til å gå bra. Me vart noko råka av SAS-streiken, som gav prisstigning på flybillettar medan den gjekk føre seg, men 2019 ser bra ut, seier Heftye.
– Me er strålande nøgd med årets Mediedagar. Det er alltid noko ein kan bli betre på, men alt i alt har det gått veldig bra, seier ho.
I fjor opplevde Nordiske Mediedager ein liten nedgang i annonseinntektene samanlikna med året før. Inntektene frå sponsorar gjekk ned frå 2,9 millionar kroner i 2017 til 2,7 millionar kroner i 2018.
– Dette er ein krevjande marknad – og det er ingen som er sponsorar lenger, slik det var i gamle dagar. Det handlar om å finne fram til partnarar som opplever Nordiske Mediedager relevant for seg og si verksemd og å utvikle gode samarbeidsflater, seier Heftye.
– Me er opptatt av å knyte til oss samarbeidspartnarar som våre deltakarar opplever relevante. Me har ei tung redaksjonell slagside, og det er viktig for oss. Me jobbar difor mot partnarskap som er relevant fagleg, legg ho til.
Brukar ein formue på kaffi
Dette er fjerde året på rad at festivalen går i minus. Resultatet i fjor på minus 512.000 kroner gjer at samla underskot dei siste to åra passerer éin million kroner.
– På 12 år har det vore ei total rørsle på -300.000 på eigenkapitalen. Me går altså inn i 2019 med ein eigenkapital på to millionar kroner. Dette er av styret vurdert å vere godt tilstrekkeleg for den verksemda me driv, seier Heftye.
I takt med auka omsetnad steig òg kostnadane frå 9,5 millionar kroner til 9,8 millionar kroner.
– Me er etter kvart blitt ein veldig stor og omfattande rigg. I år hadde me over 1.900 deltakarar. Med det aukar krav til storleik på arrangørstad, bemanning, teknikk, gjennomføring, vakthald og service. Berre kaffi åleine brukar me ein liten formue på.
Heftye presiserer at festivalen ikkje betalar honorar, men at dei dekkjer reise og opphald for alle som skal på scena – anten det er moderatorar eller speakerar.
– Dette tel om lag 130 personar. Med eit større program, aukar òg denne kostnaden, seier ho.
Dupp i kommersielle inntekter
Festivalsjefen meiner Nordiske Mediedager står støtt òg framover.
– Me ventar ein stabil eigenkapitalsituasjon i åra som kjem, noko som gjer oss robuste og sikrar oss i trongare tider. Me opererer i ein konjunkturutsett bransje, så det er viktig.
– Når det gjeld negativt resultat enkelte år, så heng det saman med at me visste at dei kommersielle inntektene ville få ein dupp, utan at det var rom for å auke deltakaravgifta i same periode. Me ynskjer å halda oppe den store produksjonen for å sikre at kvaliteten på festivalen ville halda fram å auka, sjølv om altså inntektene i ein overgangsfase var lågare, seier Heftye.
Heftye hadde i 2018 ei lønn inkludert bonusar på knappe 930.000 kroner.