Gudbrandsdølen Dagningen i Lillehammer. Til høgre er ansvarleg redaktør Kristian Skullerud.

I 2017 byrja Gudbrands­dølen Dagningen å prioritere nett framføre papir. Det gav resultat

– Det har gitt veldig gode resultat. Opplaget aukar, lesartala aukar dramatisk, og alle piler peiker oppover, seier ansvarleg redaktør Kristian Skullerud.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

I oktober 2017 gjekk Gudbrandsdølen Dagningen for fullt over på Amedias teknologi og plattform. Då var tida overmoden, sa sjefredaktør Kristian Skullerud til Medier24. Vidare kalla han det den éin av dei største omleggingane nokon gong.

Godt over eit år har gått sidan GD la om strategien, påskunda papir-deadline og prioriterte det digitale produktet.

– No jobbar me med ein kombinasjon av høg produksjon av kjappe saker, som krev liten arbeidsinnsats men som er interessante for lesarane, og lange saker som krev meir tid og som lesarane òg vil ha, seier Skullerud til Medier24.

 

Nytilsetjingar

Etter nyttår har dei òg gjort fleire tilsetjingar. Anders Espe og Aleksander Myklebust har fått fast jobb i redaksjonen, medan Jørn Dissen flyttar frå kundeservice-avdelinga og opp til redaksjonen som fast desk-reporter.

Myklebust har vore sommarvikar i redaksjonen kvart år frå 2015, og fekk eit vikariat i 2017, som først vart forlenga før han no fekk fast jobb.

– Veldig kjekt. Det har vore eit lite mål heile vegen, seier han.

Myklebust, som er utdanna fotojournalist, er blant dei som har fått jobbe med lengre saker i GD. Den 8. februar kom han og journalist Kari Utgaard med ei reportasje om den 32 år gamle Lesja-saka.

Journalist Aleksander Myklebust i Gudbrandsdølen Dagningen.

Den gav, ifølgje Myklebust, ei snitt lesetid på over sju minuttar.

– Det er inspirerande at det fungerer, når ein har jobba så mykje med den, seier Myklebust.

 

Nye frontsjefar

Redaktør Skullerud er òg nøgd med mottakinga:

– Den fekk ekstremt mange lesarar og me såg at alle lesarane var gjennom heile saka. Dei har tolmod til å lese når dei er fengande, interessante – og godt skrivne, seier han.

Som ein del av omorganiseringa har dei òg sett inn reindyrka frontsjefar, samstundes som dei etablerer ein reindyrka papirdesk kor dei òg skal redigere Avisa Valdres, som er eigd av GD-konsernet.

– Me redigerer begge avisene frå papirdesken til GD. Det betyr at både GD og Valdres får endå tydelegare digitalt fokus i redaksjonen, seier Skullerud.

Ansvarleg redaktør Kristian Skullerud.

Og ifølgje Skullerud har det også betalt seg trafikkmessig. Veke 1 i 2018 hadde GD 7.500 daglege abonnentar som var inne og leste. Før juli 2018 viste same statistikk om lag 10.000 daglege, ifølgje Skullerud.

– I tillegg fekk me over 1.800 nye digitale abonnentar, men samstundes mista me 1334 papirkundar, seier Skullerud.

– Er nedgangen i papirabonnentane resultat av omlegginga eller den generelle medieutviklinga?

– Heilt klart resultat av medieutviklinga. Nedgangen var tydeleg før me la om, og me har tvert om opplevd ei stabilisering av papirnedgangen, seier han.

 

Positiv respons frå annonsørane

Førebels rekneskap frå 2018 – som ikkje enno er styregodkjent – viser eit årsresultat før skatt for konsernet på 23 millionar kroner, og eit driftsresultat på 27,4 millionar kroner.

– Av overskotet skriv rett nok 12-13 millionar kroner seg frå eit bustadprosjekt frå morselskapet Gudbrandsdølen AS.

Opplagsauken er tydeleg, ifølgje Skullerud.

– Dei vil vise framgang. Meir enn det kan eg ikkje seie får tala er klare, seier han.

– Korleis reagerer annonsørane på omlegginga?

– Dei har definitivt vore veldig positive, seier han.

I fjor omsette GD-konsernet for 174,6 millionar kroner og sat igjen med eit resultat på 20,6 millionar kroner. Det gir ein resultatgrad på 11,8 prosent.

Powered by Labrador CMS