Administerande og ansvarlig redaktør i VG, Gard Steiro.

Steiro om Skarvøy: – Umogleg for han å jobbe som journalist

VG-journalist Lars Joakim Skarvøy jobbar ikkje med eigne saker i tida framover. Det stadfesta Gard Steiro i Dagsrevyen på NRK torsdag kveld.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

– Me står i ein situasjon der det er umogleg for han (Lars Joakim Skarvøy) å jobbe som journalist, seier sjefredaktør Gard Steiro i VG i direkteintervju på Dagsrevyen torsdag kveld.

Det var onsdag at TV 2 avslørte korleis kvinna på den mykje omtalte dansevideoen på Bar Vulkan i februar, Sofie, opplevde videoen og møtet med VG-journalist Lars Joakim Skarvøy. Ho føler seg svært dårleg behandla av avisa, som med viten og vilje skal ha publisert feilaktige sitat i framstillinga av saka.

TV 2-avsløringane har skapt sjokkbølgjer landet over, og VG har torsdag vore i møter for å granske saka. Til NRK seier Steiro at avisa går gjennom saka for å finne ut kva som har skjedd.

– No må me, saman med han, bruke all vår tid på å gå gjennom saka, seier Steiro.

Han legg til:

– Dette har pågått ei stund. Me har hatt møter med kvinna TV 2 intervjua, og me går gjennom all dokumentasjon for å finne ut kva som har gått gale og kva som har skjedd.

Steiro seier til Dagsrevyen at han fekk ny informasjon frå kvinna på videoen, Sofie, same kveld den første saka vart publisert.

Powered by Labrador CMS