Onsdag vart det kjent at VG er felt på fem punkt for si dekning av dansevideoen med Trond Giske på Bar Vulkan.
VG erkjente feil i dekninga, og nyheitsredaktør Tora Bakke Håndlykken evaluerte dekninga i ein ekstern granskingsrapport. Også den vart felt for to punkt i VVP: 3.3 og 3.9.
I granskingsrapporten til VG står det at dei har teke omsyn til presseetikk og kjeldevern i arbeidet med, og publiseringa av, rapporten. Likevel viste ikkje avisa godt nok omsyn overfor Sofie, ifølgje PFU.
Styreleiar i VG, Siv Juvik Tveitnes, skriv i ein sms til Medier24 at ho har tillit til VG-sjef Gard Steiro:
«Jeg har full tillit til Gard Steiro og VGs håndtering, utover det er det ikke naturlig å kommentere denne saken», skriv ho.
Gard Steiro:
– Korleis reagerer de på konklusjonen til PFU?
Ver Varsam-plakaten:
3.3. Det er god presseskikk å gjere premissane klare i intervjusituasjonar og elles overfor kjelder og kontaktar. Avtale om eventuell sitatsjekk bør ein inngå i forkant av intervjuet, og det bør gjerast klart kva avtalen omfattar og kva for tidsfristar som gjeld. Redaksjonen sjølv avgjer kva som vert endeleg publisert.
3.9. Opptre omsynsfullt i den journalistiske arbeidsprosessen. Vis særleg omsyn overfor personar som ein ikkje kan vente er klar over verknaden av det dei uttaler til pressa. Misbruk ikkje andres kjensler, kunnskapsløyse eller sviktande dømmekraft. Hugs at menneske i sjokk eller sorg er meir sårbare enn andre.
– Store deler av PFU-uttalen er i tråd med tilsvaret me leverte. Me har erkjent fem presseetiske overtramp, og der meiner eg utvalet er på linje med det VG har lagt fram i evalueringsrapporten og tilsvaret til PFU.
– Korleis er det å få det overstått?
– Det var viktig å få det opp i dag. Det er ein viktig presseetisk diskusjon. Me har sett fram til dagen i dag.
– Skuleeksempel på kampanjejournalistikk, meiner Liv Ekeberg i PFU. Kva tenkjer du om det?
– Karakteristikkane her er ikkje relevant i denne saka. Folk skal få meine mykje om dette, men poenget er det presseetiske. Me meiner ikkje dette er kampanjejournalistikk. Det er gjort alvorlege feil, og difor har me erkjent det i tilsvaret. Me visste me ville bli kjent.
– Kva tenkjer du om at rapporten vert felt på to punkt?
– Eg meiner rapporten er grundig, og me viste openheit, og erkjente feil. Det var motivet for rapporten, og det var riktig – og arbeidet var grundig. Når utvalet meiner me burde vore vist endå meir omsyn og gjort premissane klare, så kan me ikkje seie anna enn at me tek det etterretning. Me lyttar til det PFU seier. Det er ikkje så mykje meir å seie om det i dag.
– Saka fekk konsekvensar for VG sine journalistar, og journalist Lars Joakim Skarvøy er ute i permisjon. Kan rapportfellinga få konsekvensar for Tora Bakke Håndlykken?
– Denne saka får ingen konsekvensar for Tora Bakke Håndlykken. Det er gjort eit arbeid her, og VG-leiinga står samla bak vurderingane som er gjort der.
– Var det riktig å lage rapporten på den måten som de gjorde?
– Eg meiner det var naudsynt å vite om openheit om VG og feila som er gjort. Det oppfatta eg som eit krav. Det har òg Medier24 sin redaktør skrive i kommentarform. Medium må vere opne om dei vurderingane og feila dei gjer. I denne saka gjekk det gale for VG.
– Har de teke stilling til eventuelle rettslege steg?
– Me har registrert han har sagt det. Me meiner i utgangspunktet det ikkje er grunnlag for søksmål, men om det kjem krav frå han (advokat Knut-Asbjørn Solevåg, journ. anm.), skal me sjølvsagt ta stilling til det.
– Når skal de avgjere kva Lars Joakim Skarvøy skal gjere når han kjem tilbake til VG?
– Me kjem ikkje til å seie noko meir om det no. Me skal bruke tida medan han er i permisjon.
Etter det Medier24 kjenner til er Skarvøy tilbake i VG 24. september.
Tora Bakke Håndlykken:
– Kva tenkjer du om at de vert felt for granskingsrapporten?
– Det var interessant å høyre diskusjonane i dag, og så lyttar me til det utvalet seier. Me tek det til etterretning. Me meiner premissane for gjennomgangen var klare, men me høyrer utvalet meiner me burde gitt informasjon på eit tidlegare tidspunkt, og vist omsyn til Sofie på eit tidlegare tidspunkt gitt situasjonen ho sto i.
– Sofie meiner det er på sin plass at de vert felt på rapporten – som ho har klaga dykk inn for – og ho skriv i klaga at ho ikkje fekk informasjon om rettar, og om at ho fekk lov å ha med bistand i gjennomgangenn før etter ho kom til VG-huset. Tek de sjølvkritikk på korleis de handterte Sofie i evalueringa?
– Me har lese kva Sofie skriv i klaga, og så høyrer me på kva PFU seier i sin uttale. Me tek det til etterretning.
– De tek det til etterretning. Tek du sjølvkritikk?
– Når det gjeld premissane, så meiner me at dei var klare. Det var ein vanvitig krevjande situasjon Sofie sto i. Det burde me vore ha teke omsyn til.