Nyheitsredaktør Karianne Solbrække i TV 2, VG sin sjefredaktør Gard Steiro og etikkredaktør Per Arne Kalbakk i NRK.Erik Waatland, Fredrik Hagen / NTB scanpix og Erik Waatland
NRK-redaktør om Josimar-saka: – Kan ikkje seia bombastisk kva me ville gjort
VG og TV 2 er klare på at dei aldri ville brote kjeldevernet. Også NRK kjenner det rykkjer i ryggmergsrefleksen.
Josimar-redaktør Håvard Melnæs har grunngjeve det med at Bjerketvedt mista retten på kjeldevern då den tidlegare NTB-sjefen først lekka sensitive opplysingar til dei, før han deretter klaga dei inn for brot på punkt 3.2 i Ver Varsam-plakaten om faktakontroll.
Det var i sitt tilsvar til PFU at Melnæs først blåste kjelda si.