VGs sak om ei bekymringsmelding mot Trond Giske (Ap) førre veke har skapt stor debatt kring avisas dekning.
Blant dei som har kritisert VG er Skjalg Fjellheim i Nordlys, Mari Skurdal i Klassekampen og Medier24-redaktør Erik Waatland. Måndag var dekninga debatt i Dagsnytt 18 på NRK, og Fjellheim var invitert – saman med VG-redaktør Gard Steiro og Dagsavisen-kommentator Hege Ulstein.
– Pinleg
– Dette viser at kven som helst kan spasere inn i VGs redaksjon, skrike om varsling, sende ei bekymringsmelding til Arbeidarpartiets leiing, og få tilgang til VG sine distrubisjonsplattformer og 2,5 millionar lesarar, sa Fjellheim i debatten.
Vidare sa han:
– Dette er ikkje ei metoo-sak, slik VG rammar det inn som. Det er det som er problemet her, at VG set tonen med denne saka ved å etablere eit narrativ om at det etterlatne inntrykket er at Trond Giske har vore påtrengande overfor ei ung kvinne, noko som ikkje viser seg å stemme i ettertid.
Fjellheim, som er politisk redaktør i Nordlys, meiner VG gjer metoo-kampanjen ein «bjørneteneste».
– Det er pinleg at VG klarer å køyre denne saka innanfor rammene av ei metoo-sak. Det gjer ein viktig metoo-kampanjen ein bjørneteneste når ein reduserer varsling om seksuell trakassering til denne type saker.
– Veldig alvorleg
Steiro gjentok mykje av det han i intervju med Medier24 måndag føremiddag, og sa mellom anna:
– Dette er ei sak (for VG, journ. anm.), og så står eg ved at VG kunne gjort ein betre jobb i første fase av denne saka. Det kom inn opplysningar som var relevant å få inn i saka. Me burde fått med meir av omstendet ute på denne utestaden. At kvinna gjekk bort til Giske sjølv hadde vore relevant å få med.
Hege Ulstein meiner Fjellheim undergrev metoo-debatten med fråsegna sine.
– Eg tykkjer det er veldig alvorleg det Fjellheim seier om moralisme. Metoo handlar om å ta kvinner og varslingar på alvor. Ikkje bagatellisere, kalle varslingar for rykte og kritisk journalistikk for dyneløfting, men å lytte til dei som vert utsett for maktovergrep og seksuell trakassering, sa Ulstein.