Gambit betra resultatet med nær 50 prosent i fjor. Likevel er det pressa marginar for PR-giganten

– Konkurransen er tøff, og aukande, seier administrerande direktør Henrik Christopher Halvorsen i Gambit H & K til Medier24.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Gambit H+K auka byråinntektene med 15,6 prosent frå 69,4 millionar kroner til 80,2 millionar kroner i 2018. 

Dei totale inntektene på 143,6 millionar kroner fordeler seg på Norge (67,4 prosent), Europa, Midtausten og Afrika-regionen (30,3 prosent) og «andre» (2,4 prosent).

– Eg er ganske nøgd med topplinjeveksten og betra marginar, seier administrerande direktør Henrik Christopher Halvorsen i Gambit H & K til Medier24.

– Me har hatt ei fin utvikling dei siste tre åra, men me jobbar for å betra marginane ytterlegare, legg han til.

 

Tøff konkurranse

For selskapet i heilskap enda driftsmarginen på åtte prosent. Rekna frå byråinntektene åleina var driftsmarginen 14,4 prosent.

Saka held fram under tabellen.

Gambit H&K 2018 2017 Endring
Omsetnad 143,6 127,5 12,6%
Byråinntekt 80,2 69,2 15,6%
Driftsresultat 11,5 6,2 46,0%
Resultat før skatt 11,2 6 46,2%
       
Driftsmargin 14,4% 8,9% 61,8%

Halvorsen fortel om stadig tøffare konkurranse i PR-bransjen.

– Konkurransen er tøff, og aukande. Då gjeld det å lever bra, så det er skjerpande.

 

– Mange ekspertar

Gambit, som vart kjøpt opp av børsnoterte Hill & Knowlton i 2002, forklarar sin styrke med deira breie modell – kor dei tilbyr både strategi, pr, implementering, reklame og innhald.

Henrik C. Halvorsen i Gambit.

– Me konkurrerer mot både dei store reklameselskapa og dei meir spesialiserte PR-byråa, seier han.

– Er det krevjande å halda tritt i alle segment samstundes?

– Me er om lag 55 konsulentar, og då har me mange ekspertar. Då er det ikkje vanskeleg å vere gode på fleire ting.

Halvorsen peiker på tre hovudområde – politikk, selskapskommunikasjon og marknadsføring.

– Breiddemodellen resonnerer i aukande grad i vår kundebase. Om du kjem med eit strategisk råd, treng kunden òg verkemiddel og tiltak. Det er det som driv vår vekst, seier han.

 

Rekordsterkt første halvår

Halvorsen fortel vidare om rekordgodt første halvår.

– Den er «all time high». Det har vore veldig bra, og det er me nøgd med, seier han – utan å røpe meir om det.

– Rullar de ut nye tenester i 2019?

– Me jobbar heile tida på å bli betre i alle kjerneområde. I eit stadig meir fragmentert samfunn, ser me at PR-modellen fungerer bra, seier han.

Gambit H & K er eigd av det britiske PR-konsernet WPP Group plc via norske WWP Norway. Selskapet tilbyr PR- og kommunikasjonstenester og hjelper selskap og organisasjonar i både offentleg og privat sektor.

Powered by Labrador CMS