Pr-byrå permitterer 18 tilsette

Gambit H+K blir hardt råka av koronakrisa og må delpermittera ein tredjedel av staben – men leiinga tek ikkje lønnskutt.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Måndag informerte dagleg leiar Henrik Halvorsen i Gambit H+K på eit internt møte at i underkant av 20 tilsette blir permitterte.

Det stadfestar han overfor Medier24. Permitteringsvarsel er sendt til om lag ein tredjedel av dei tilsette, ifølgje Halvorsen.

– Me permitterer ingen 100 % prosent – dei fleste 40 % – så dei jobbar 60 %. Det er ein relativt mild variant. Framover vil det kunne bli noko mindre oppdrag, seier han til Medier24.

Gambit H+K er eigd av det britiske pr-konsernet WPP Group plc via norske WWP Norway. Selskapet tilbyr pr- og kommunikasjonstenester og hjelper selskap og organisasjonar i både offentleg og privat sektor.

Selskapet hadde i 2018, som er siste offentlege rekneskapsår, ei byråinntekt på 80,2 millionar kroner og fekk eit resultat før skatt på 11,2 millionar kroner.

– Kven blir permittert?

– Det er litt jamt over. Me er eit bredt miljø – med corporate, myndigheitskontakt, og kreative/marketing. Dei fleste permitterte er i marketing, og veldig få i corporate.

– Korleis kjem ein fram til kven som skal permitterast?

– Det er vanlege formelle kriterium. Det følgjer me reglane som gjeld, og så gjer me vurderingar etter kvart.

– Er nokon frå leiinga permittert?

– Nei.

– Har leiinga teke lønnskutt?

– Nei.

– Har de vurdert det?

– Ja, men det treff ofte ganske skeivt. Om me gjer det, har det stor effekt for ganske mange. Skal alle gjera det, så blir det totalt sett ei ganske stor belastning i forhold til belastninga som no treff med permitteringsløysinga.

– Korleis tek dei tilsette det?

– Dei har teke det bra, til etterretning, men det er aldri hyggjeleg å gjera dette. No håpar me at det blir så kort som mogleg. Me er glad for at me har halde så lenge som me har gjort.

Powered by Labrador CMS